1. Startsiden
  2. Det store mediebildet

Allmennkringkasting

Medietilsynet rapporterar kvart år til Kulturdepartementet om korleis NRK, Radio Norge, P4 og TV 2 oppfyller allmennkringkastings­oppdraga sine.

Allmennkringkastinga skal ha som formål å fylle ei demokratisk, kulturell og sosial rolle i samfunnet. Som kulturpolitisk omgrep er allmennkringkasting dynamisk og blir endra i takt med den generelle medieutviklinga. Ei sterk allmennkringkasting som skal leggje til rette for ein open og opplyst samtale og sikre eit mangfaldig innhaldstilbod av god kvalitet, står likevel fast som grunnleggjande prinsipp.

  1. Allmennkringkastingsrapporten 2015
  2. Allmennkringkastingsrapporter 2004 - 2015
Therese Thommessen

Har du spørsmål om Allmennkringkasting? Send en epost til Therese Thommessen eller ring 69301246

1

Allmennkringkastingsrapporten 2015

Allmennkringkastingsrapporten for 2015 er den tolvte rapporten frå Medietilsynet. Det er no ein realitet at allmennkringkastingskrava er færre.

Vi er også inne i ei tid der allmennkringkastinga si rolle blir debattert, undersøkt og drøfta. Det blir gjort analysar på kva allmennkringkastarane gir oss som samfunn, og kva for posisjon allmennkringkastinga har i den norske mediemarknaden.

Det er Medietilsynets vurdering at alle dei fire allmennkringkastarane i 2015 i hovudsak varetok samfunnsoppdraga sine. Tilsynsresultatet viser at NRK hadde høg kvalitet og mangfald i innhaldstilbodet sitt. Dei tre kommersielle allmennkringkastarane hadde alle ein programprofil av allmenn karakter og interesse og hadde tematisk og sjangermessig breidde.

Alle kringkastarane viste satsing på nyheits- og aktualitetstilbod. P4 og Radio Norge hadde begge ein auke i tal på nyheitssendingar for 2015. NRK og TV 2 viste ei brei nyheits- og aktualitetsdekning gjennom blant anna å vise store internasjonale hendingar og kommune- og fylkestingsvalet.

2