1. Startsiden
  2. Det store mediebildet

Eigarskap i norske medium

Det skal vere eit mangfald av medium i Noreg. For å sikre dette er det viktig at vi ikkje har for sterk eigarkonsentrasjon. Det er også viktig med openheit om eigarskap. Her kan du lese om eigardelane for avis, radio og tv.

Tilsyn blir flytt til Konkurransetilsynet

Stortinget har vedtatt at tilsyn med eigarskap i medieverksemdene blir flytt frå Medietilsynet til Konkurransetilsynet. Som ein følgje av det er medieeigarskapslova oppheva frå 1. juli 2016. Samtidig tre ei ny lov om openheit om eigarskap i medium i kraft. Lova opprettheld Medietilsynets oppgåver knytte til openheit om og innsyn i eigarforhold i mediesektoren.

  1. Medieeigarskap i norske medium 2015
  2. Mediekonsern i Noreg - organisasjonskart
  3. Medieregisteret – kven eig avisene i Noreg?
Bjørn Tore Østeraas

Har du spørsmål om Eierskap i norske medier? Send en epost til Bjørn Tore Østeraas eller ring 69301226

1

Medieeigarskap i norske medium 2015

Det var ingen store endringar på konsernnivå eller medieregionsnivå i 2015.

Regjeringa har foreslått at tilsyn med eigarskap i medieverksemdene blir flytt frå Medietilsynet til Konkurransetilsynet. Som ein følgje av det vil medieeigarskapslova bli oppheva.

Medietilsynet meiner det er viktig at dei gode rammevilkåra for openheit om medieeigarskap blir oppretthaldt. Medietilsynet vil derfor i tida framover sjå på korleis vi på best mogleg vis kan fortsette å bidra med oppdatert informasjon til bransje og publikum om eigarskap i media. Eigarskapsmeldinga for 2015 er derfor noko meir komprimert form enn tidligare år.

2

Oversikt over mediekonserna i Noreg

Medietilsynet har laga ei oversikt over korleis dei største mediekonserna i Noreg er organisert.

Mediekonsernoversikt 2015Konsernoversikta er laga og publisert i Layup og finst berre digitalt. Dette gjer at vi kontinuerleg kan oppdatere oversikta.

Konserna vi har fokusert på kontrollerer ein vesentleg del av nyheits- og aktualitetsmedia her i landet, og er derfor aktuelle på fleire plan – politiske som økonomiske.

Ved å studere organisasjonane kan ein gjere seg mange tankar om denne delen av mediebiletet i Noreg. Både omkring status, relevans, utvikling – og om konserna sin aktualitet i samfunnet knytte til mangfald, demokrati, ytringsfridom og ytringsmoglegheit.

Det same kan tenkjast rundt det økonomiske biletet omkring eigarskap, pengestraum og internasjonale strategiar.

Vi håper dette er av nytte og interesse. Vi mottek gjerne tilbakemeldingar på organisasjonskarta våre. Oversiktene blir oppdatert årleg eller ved større hendingar.

3

Medieregisteret – kven eig avisene i Noreg?

Her finn du svar på kven som eig kva i det norske avismarkedet.

Registeret finn du til høgre som ei XLS-fil. Denne kan du laste ned og sjølv velje kva for informasjon du vil se, i den kombinasjonen du ønsker. Du må lagre fila for å få tilgang til dataene.

Registeret er oppdatert ved utgangen av 2014, og blir oppdatert årleg. For nærmare informasjon, ta kontakt med Bjørn Tore Østeraas.

Lokalkringkasting

Om du ønsker å vite kven som eig lokalradioar eller lokale tv-stasjonar, ta kontakt med oss.