1. Startsiden
  2. Det store mediebildet

Eigarskap i norske medium

Det skal vere eit mangfald av medium i Noreg. For å sikre dette er det viktig at vi ikkje har for sterk eigarkonsentrasjon, samt openheit om eigarskap. Her kan du lese om eigardelane for avis, radio og tv. Du kan også lese om medieeigarskapslova som regulerer eigarskap i medium.

Tilsyn blir flytt til Konkurransetilsynet

Regjeringa har foreslått at tilsyn med eigarskap i medieverksemdene blir flytt frå Medietilsynet til Konkurransetilsynet. Som ein følgje av det vil medieeigarskapslova bli oppheva. Medietilsynet meiner det er viktig at dei gode rammevilkåra for openheit om medieeigarskap, blir oppretthaldt i eit nytt regelverk. 

  1. Dagspresse nasjonalt
  2. Dagspresse regionalt
  3. Tv
  4. Radio
  5. Mediekonserner i Norge - organisasjonskart
  6. EU for auka openheit – men Europa er ikkje samstemt
  7. Medieregisteret – kven eig avisene i Noreg?
Bjørn Tore Østeraas

Har du spørsmål om Eierskap i norske medier? Send en epost til Bjørn Tore Østeraas eller ring 69301226

1

Dagspresse nasjonalt

I 2014 var opplaget til avisene 2 276 121. Ingen av dei store aviseigarane gjennomførte oppkjøp, nedleggingar eller nyetableringar av særleg verdi dette året.

Schibsted var største aviseigar i 2014 og kontrollerte 29,2 prosent av avisopplaget. Amedia kontrollerte 25,9 prosent av avisopplaget, Polaris 9,8 prosent, NHST Media 4,3 prosent og Aller-gruppa 4 prosent.

To gratisaviser er tatt ut av berekningsgrunnlaget for det samla opplaget på grunn av for få utgivingar, mens to gratisaviser er lagde til. Ei gratisavis blei lagd ned i 2014. Opplaget til gratisavisene var 151 694, ned 14,3 prosent frå 2013. Opplaget til gratisavisene utgjorde 6,7 prosent av det totale opplaget i 2014.

Aviseigaranes del 2014

Dei største bakanforliggjande eigarane av norske aviser; Blommenholm Industrier, Telenor og LO, var dei same i 2014 som tidlegare år. Blommenholm Industrier kontrollerer Schibsted, mens Telenor og LO eig Amedia. Schibsted er største eigar i Polaris og kontrollerer 29 prosent av aksjane i selskapet. Største utanlandske eigar ved utgangen av 2014 var Nya Wärmlandske Tidningarna (NWT) som eig vel 26 prosent av Polaris. Dei andre utanlandske eigarane er finansielle investorar med aksjepostar i Schibsted.

2

Dagspresse regionalt

Den Amedia-eigde gratisavisa Byavisen Tromsø blei lagd ned i 2014, og konsernet sin del av opplaget i regionen Nord-Noreg gjekk ned med 4,5 prosentpoeng frå 2013. I medieregionane Østviken og Sørvestlandet blei to nye gratisaviser, Oppegård Avis og Karmøynytt, tatt inn i grunnlaget for berekning av opplagsdelar. Dette gir ein liten nedgang i delen av opplaget dei andre eigarane i dei to regionane har.

I to medieregionar, Vestviken og Innlandet, blei opplagsdelane til aviseigarane påverka av at gratisaviser blei tatt ut av grunnlaget for berekning av opplagsdelar. I regionen Vestviken blei Byavisa Sandefjord (tidlegare Vestfold Blad) tatt ut, og i regionen Innlandet blei Lillehammer Byavis tatt ut.

I dei andre medieregionane var det berre små endringar.

Aviseigaranes del regioner 2014

3

Tv

Ingen eigarskifte av verdi fann stad blant nasjonale tv-kanalar i 2014. NRK sin marknadsdel ligg relativt stabilt rundt 40 prosent av sjåarane fram til 2013, men i 2014 gjekk marknadsdelen til NRK ned med 3,6 prosentpoeng.

Oppslutninga om TV 2 sine tv-kanalar auka med 3,8 prosentpoeng frå 2013 til 2014, mens det berre var mindre endringar for dei andre tv-selskapa sine marknadsdelar.

Tv-kanalanes marknadsdelar 2014

Tv-kanalanes marknadsdelar med NRK 2014

4

Radio

ProSieben.Sat1 sitt sal av sin norske verksemd til Discovery Networks i 2012 hadde også innverknad for eigarskapet i den nasjonale radiomarknaden. Radio Norge var eigd av ProSieben.Sat1, og etter kjøpet av kanalen fekk Discovery ein marknadsdel på 10,5 prosent i den nasjonale radiomarknaden. I 2014 hadde marknadsdelen til Discovery auka til 12,2 prosent.

I gjennomsnitt lytta vi mindre på radio i 2013 enn i 2012. NRK sin del av lyttarane gjekk noko opp frå 2013 til 2014. Ein vesentleg del av auken skuldast at det blei publisert lyttartal for fleire av NRK sine nisjekanalar frå 2014. Radio Norge sin marknadsdel auka med 0,2 prosentpoeng. MTG sin nasjonale radiokanal, P4, fekk redusert marknadsdelen sin med eitt prosentpoeng frå 2013 til 2014.

Radioeigaranes marknadsdelar 2014

5

Oversikt over mediekonsernene i Norge

Medietilsynet har laget en oversikt over hvordan de største mediekonsernene i Norge er organisert.

Mediekonsernoversikt 2015Konsernoversikten er laget og publisert i Layup og finnes kun digitalt. Dette gjør at vi kontinuerlig kan oppdatere oversikten.

Konsernene vi har fokusert på kontrollerer en vesentlig del av nyhets- og aktualitetsmediene her i landet, og er derfor aktuelle på flere plan – politiske som økonomiske.

Ved å studere organisasjonene kan man gjøre seg mange tanker om denne delen av mediebildet i Norge, omkring status,relevans, og utvikling – og om konsernenes betydning i samfunnet knyttet til mangfold, demokrati, ytringsfrihet og ytringsmulighet.

Det samme kan tenkes rundt det økonomiske bildet omkring eierskap, pengestrøm og internasjonale strategier.

Vi håper dette er av nytte og interesse. Vi mottar gjerne tilbakemeldinger på våre organisasjonskart. Oversiktene blir oppdatert årlig eller ved større hendelser.

6

EU for auka openheit – men Europa er ikkje samstemt

Debatten går i EU og resten av Europa om korleis ein eventuelt kan samle eit felles regelverk for eigarskap i medium.

Det viktige temaet er om Europa treng eit felles regelverk for openheit om medieeigarskap. Forenkla kan det synast som at EU-kommisjonen, akademikarar og nokre EU-/EØS-land meiner det er behov for eit felles regelverk om openheit, mens mediebransjen og enkelte andre medlemsstatar ikkje ønsker dette.

EUs direktiv for audiovisuelle medietenester (AMT-direktivet) skal reviderast. Direktivet regulerer nå fjernsyn og bestillingstjenester på nett. Ei moglegheit er at eventuelle felleseuropeiske reglar om openheit om medieeierskap tas inn i AMT-direktivet. Som EØS-medlem er Noreg forplikta til å følgje dette direktivet.

7

Medieregisteret – kven eig avisene i Noreg?

Her finn du svar på kven som eig kva i det norske avismarkedet.

Registeret finn du til høgre som ei XLS-fil. Denne kan du laste ned og sjølv velje kva for informasjon du vil se, i den kombinasjonen du ønsker. Du må lagre fila for å få tilgang til dataene.

Registeret er oppdatert ved utgangen av 2014, og blir oppdatert årleg. For nærmare informasjon, ta kontakt med Bjørn Tore Østeraas.

Lokalkringkasting

Om du ønsker å vite kven som eig lokalradioar eller lokale tv-stasjonar, ta kontakt med oss.