1. Startsiden
  2. Det store mediebildet
  3. Medieforskning

Hypernytt – interaktiv video-journalistikk i praksis

Forsker: Pål Aam

Tildelt støtte: 2010

Arbeids-/studiested: Høgskulen i Volda

Kontakt: paalaa@hivolda.no

Få tak i rapport: http://ntnu.diva-portal.org/smash/record.jsf?searchId=1&pid=diva2%3A609808&dswid=-9548

Sammendrag:

Interaktiv video er ein teknologi som har blitt aktualisert på nytt gjennom den sterke veksten i video på nett og på ulike mobile einingar. Fram til no har interaktiv video i svært liten grad blitt nytta til journalistikk sjølv om det fins nokre døme på interaktive dokumentarfilmar som til dømes Katerina Cizek sin nettbaserte Out my window, publisert i 2010, og bruk av interaktiv video til å presentere faktainformasjon i museum som Prado-museet sitt Reubens 360 prosjekt lansert i 2010.

I et praktisk forsøk har klikkbar nettvideo, ein type interaktiv video, blitt brukt til formidling av journalistikk ved hjelp av ein eigenutvikla videoavspelar kalla Hypernytt. Klikkbar video er ei form for interaktiv video som inneheld lenker som gir tilgang til ekstramateriale, ein videoparallell til hypertekst. Denne rapporten presenterer sjølve forsøket og resultata av forsøket.

Hovedfunna er at det er høg vilje til og interesse for å nytte interaktiv video i aktualitetssaker hos brukarane i forsøket. Det er også vilje til å bruke lang tid på å utforske enkeltsaker som bruker interaktivitet. I utvalet er det også semje om at denne teknologien egner seg til å formidle journalistikk, særlig i komplekse saker.