1. Startsiden
  2. Det store mediebildet

Reklame, sponsing og produktplassering

Annonsørar kjøper sendetid av kringkastarar for å selje produkta sine. Dette skjer blant anna gjennom reklameinnslag, sponsing og produktplassering. Synest du lyden er høg, eller reklameinnslaget spesielt langt? Vi gir deg forklaringa på kva kringkastarane har lov til å gjere.

  1. Reklame
  2. Sponsing
  3. Produktplassering
Hanne Sekkelsten

Har du spørsmål om Reklame, sponsing og produktplassering? Send en epost til Hanne Sekkelsten eller ring 69301247

1

Reklame

På tv og radio kan det ikkje sendast meir enn totalt 12 minutt reklame i timen. Reklameinnslag på tv skal i hovudsak plasserast i blokker mellom programma, og skiljast klart frå den ordinære programverksemda med særskilte lyd- og biletesignal. Reklameavbrota skal plasserast slik at verdien og integriteten til program ikkje blir endra, og det skal leggjast særleg vekt på naturlege opphald i programmet.

Reklame og sponsing på NRK

På NRK kan det ikkje vere reklameinnslag eller produktplassering. NRK kan berre ta i mot sponsorbidrag for visse program; for eksempel direktesende idrettsarrangement og NRK sine eigne produksjonar. Utforminga av sponseplakatar på NRK er strengare enn for andre kringkastarar.

Lydstyrke på reklame

Mange sjåarar har tidlegare reagert på at lydnivået tilsynelatande går opp når det blir sendt reklame. Dette kom av at lyden blei miksa annleis i reklame enn i programma.

I juni 2016 kom ein ny standard for lydnivå for tv-innhald. Norske tv-kanalar blei einige om å innføre reglar utarbeidd av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU).  Standarden (EBU R128 Loudness) avløyste dei gamle reglane, og lydstyrken for både tv-program, reklame og promo ligg nå på same nivå uavhengig av kva for innhald som blir sende.

Produkt det ikkje kan reklamerast for:

 

Heilagdagar og program som ikkje kan brytast av med reklame:

Det er ikkje tillate å sende reklameinnslag på langfredag, 1. påskedag, 1. pinsedag og 1. juledag. Sponseplakatar er derimot tillate.
Overføring av gudstenester på fjernsyn kan ikkje brytast av med reklameinnslag. Det kan ikkje sendast reklameinnslag i tilknyting til barneprogram.

Annleis reklamereglar i tv-sendingar frå andre land

Ei rekkje av dei kanalane du ser på fjernsyn er ikkje underlagt norsk lovregulering sjølv om dei tilsynelatande er norske. Som sjåar har du kanskje reagert på at TV3 oftare har reklameavbrot i sine program enn TV 2, eller at Viasat 4 sender reklame for pengespel som er forbode i Noreg. Medietilsynet mottek ofte spørsmål frå publikum om kvifor reglane ikkje ser ut til å gjelde likt for alle.

Det er eit grunnleggjande prinsipp i europeisk kringkastingsregulering at ein kringkastar berre skal vere nøydd til å følgje lovreglane som gjeld i det landet der han har etablert seg: sendarlandprinsippet. TV3, Viasat 4 og FEM, som alle sender frå England er typiske døme på slike kanalar.Mange av desse kanalane er tilsynelatande norske. Hovudspråket i programinnhaldet er norsk, reklame- og abonnementsinntekter er henta i den norske marknaden, og reklamen rettar seg mot eit norsk publikum.

I Noreg er det strengare reklameregulering enn det minstereguleringa i EU gir høve til. Skilnadene mellom dei kanalane som må følgje norsk lov, og dei som ikkje må det, blir difor lett synlege for publikum.

2

Sponsing

Alle kommersielle kringkastarar kan motta sponsormidlar. Innhald og presentasjonsform i alle sponsa program må vere slik at kringkastaren sin redaksjonelle integritet blir oppretthalden. Sponsa program skal ikkje oppmuntre til kjøp eller leige av sponsor sine produkt eller tenester.

Særlege sponsevilkår for NRK

NRK kan vise stillbilete ved sponsing, men kan ikkje ha bilete av produkta eller tenestene til sponsoren. NRK kan berre motta tilskot frå sponsorar til produksjon og sendingar frå:

  1. Idrettsarrangement
  2. Andre arrangement der programmet skal sendast til fleire land eller er av samfunnsmessig interesse eller kulturell verdi og produksjonen heilt eller delvis skjer i NRK sin regi. Eksempel på dette er Nobel fredspris-konserten, eller Eurovision Song Contest
  3. Undervisningsprogram

Desse kan ikkje sponse i kringkasting

  • Program kan ikkje sponsast av bedrifter som i hovudsak produserer, seljar eller leiger ut produkt eller tenester det er forbod mot å reklamere for. Eit eksempel på dette er alkohol.
  • Politiske partiorganisasjonar kan ikkje sponse kringkastingsprogram.
  • Det er ikkje lov med sponsing i nyheits- og aktualitetsprogram, eller barne- og ungdomsprogram. Det er eit unnatak for barne- og ungdomsprogram om sponsoren ikkje driv næringsverksemd. For eksempel kunne Blindeforbundet vist sponseplakat i eit ungdomsprogram.


Slik ser sponsinga ut

For at sjåarane skal vera oppmerksam på at programmet er sponsa, skal sponsor visast ved inn eller utannonsering av programmet, eller begge delar. Sponseplakatar kan også visast ved avbrot i programmet. Kommersielle kringkastarar kan bruke animerte sponsorplakatar.


Kringkastarar må følgje desse reglane:

  • Visinga av kvar enkelt sponsor kan vare i inntil 10 sekund for kvar del av programmet eller samla 30 sekund hvis programmet har tre eller fleire sponsorar
  • Opplysningar om sponsoren kan bli gitt i form av namnet, varemerket, logoen, produktet eller tenesta til sponsoren
  • Det kan bli gitt nøytral opplysning av bransjen sponsoren jobbar i
  • Sponsinga kan ikkje innehalde slagord, utsegn, bilete, lyd eller anna form for tilleggsinformasjon som kan knytast til verksemda til sponsoren
  • Sponsinga kan likevel innehalde stillbilete eller animerte bilete av sponsoren sitt produkt i tillegg til namnet på produktet
  • Sponseplakaten kan ikkje visast i sjølve programmet eller programtrailerar

 

Premiepresentasjonar

Hvis program presenterer premiar, slik som i «Farmen» eller liknande programkonsept, skal ikkje dette vere omfattande. Publikum skal få rimeleg og nødvendig informasjon om premien. Presentasjonen skal ikkje gi opplysningar om givaren eller andre produkt. Munnleg opplysning om kven som er givar er likevel tillaten. Kringkastarar skal vise særleg varsemd ved presentasjon av premiar i barneprogram. 

3

Produktplassering

I Norge er produktplassering berre tillatt i sportsprogram, filmar, fiksjonsseriar og lette underhaldningsprogram. Produktplassering vil seie at ein annonsør har betala for å fremje ei bestemt vare, teneste eller varemerke som ein del av programmet. Dette betyr at du som sjåar kan oppleve å sjå eller høyre om til dømes ein bestemt type drikke eller matvare i ein fiksjonsserie, talkshow eller sportsprogram.

Program med produktplassering skal vere merka

Kringkastaren er forplikta til å opplyse deg om at du blir utsett for produktplassering.  Om programmet du ser på inneheld produktplassering skal dette være merka, både når programmet startar og sluttar. Dette kan for eksempel løysast ved å plassere ein logo og tekst "programmet inneheld produktplassering” på skjermen - slik som dette:

Merking av produktplassering i program på nett og tv

 


Produktplassering skal ikkje gå på bekostning av den redaksjonelle integriteten

Produktplasseringa skal ikkje påverke den redaksjonelle fridomen, og den kan ikkje oppmode direkte til kjøp eller leige av varer og tenester. Produktet skal heller ikkje bli gitt ei unødig framståande rolle, men inngå som ein naturleg del av programmet. Generelle reklamereglar gjeld også for produktplassering - slik som til dømes at ein ikkje kan produktplassere alkohol.

Ulovleg produktplassering i program retta mot barn

Det er ikkje tillate med produktplassering i program som er særskild retta mot barn. Det er ikkje tillate med produktplassering i program som er produsert eller bestilt av NRK eller tilknytte føretak.

Sjå dette innslaget der produktplassering blir forklarte med hjelp frå rådgivaren vår Lars Erik Krogsrud og Nrk Supernytt.