1. Startsiden
  2. For mediebransjen

Registrering og aldersklassifisering av film på kino

Dette er sida for deg som distribuerer kinofilm. All film som blir vist på kino i Noreg skal ha ei aldersgrense. Filmar som ikkje blir aldersklassifiserte av Medietilsynet, må visast med 18-årsgrense. Alle kinofilmar som Medietilsynet har aldersklassifisert blir publiserte i Medietilsynets filmdatabase.

  1. Slik får du ei aldersgrense på ein kinofilm
  2. Registrering av film med 18-årsgrense
  3. Klage på aldersgrense
  4. Innhald fritatt frå aldersklassifisering
David Møller-Johansen

Har du spørsmål om Film på kino? Send en epost til David Møller-Johansen eller ring 69301240

1

Slik får du ei aldersgrense på ein kinofilm

For at filmen skal få ei aldersgrense frå "tillaten for alle" til 15 år, må den bli klassifisert av Medietilsynet. Filmen som blir klassifisert skal vere identisk med versjonen som blir vist på kino.

Slik gjer du:

  • Fyll ut og send inn skjemaet for registrering av kinofilm og huk av for førehandskontroll

  • Når skjemaet er registrert hos oss, vil du få ein e-post med tidspunkt for filmvurderinga

  • Du får beskjed om aldersgrensa så snart denne er vedtatt. Den blir også publisert i filmdatabasen 

  • 30 dagar etter premieren fyller du ut skjemaet for rapportering av netto omsetning

Pris

Prisen for aldersklassifisering avheng av billettinntektene på filmen. Skjemaet for rapportering av netto omsetnad rettleier deg trinn for trinn. Satsen er 0,9 prosent av netto billettomsetnad etter 30 dager frå premieredato. Minsteavgift er 3 000 kroner, og den vil ikkje overstige 70 000 kroner uansett omsetnad.

2

Registrering av film med 18-årsgrense

Om filmen ikkje skal aldersklassifiserast, kan du registrere filmen i staden. Ein registrert kinofilm får automatisk 18-årsgrense, og denne er absolutt. Registreringa er gratis.

  • Fyll ut skjemaet for registrering av kinofilm og kryss av «berre registrering»

  • Etter du har sendt inn skjemaet, vil du få ein e-post om at vi har motteke skjemaet. Filmen er no registrert
3

Klage på aldersgrense

Distributør av filmen og Barneombudet har rett til å klage på aldersgrensä på ein kinofilm. Om du ønskjer å klage, må du hugse på følgjande:

  • Klagefristen er tre veker frå den datoen aldersgrensa er motteke av distributør 
  • Klagen må vere skriftleg og signert
  • Vær tydeleg på at det du leverer er ein klage. Grunngi gjerne kvifor du ønskjer å klage på aldersgrensa
  • Klaga blir send per e-post til post@medietilsynet.no eller per post til Medietilsynet, Nygata 4, 1607 Fredrikstad

Medietilsynet vil då klassifisere filmen på nytt. Om vi ikkje endrar aldersgrensa etter ny vurdering, vil Klagenemnda for mediesaker gjere ei vurdering for endeleg vedtak.

4

Innhald fritatt frå aldersklassifisering

Denne typen innhald treng ikkje å ha ei aldersgrense, og treng heller ikkje å bli registrert hos Medietilsynet:

  • Nyheits- og aktualitetsstoff

  • Undervisings- og forskningsstoff

  • Informasjonsstoff om ideell, politisk eller religiøs verksemd

  • Musikkstoff

  • Idrettsstoff

  • Hobby, instruksjons- og fritidsstoff