1

Produksjonstilskot

Produksjonstilskot til nyheits- og aktualitetsmedium skal føre til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet.

Tilskotet er retta mot økonomisk vanskelegstilte medium og medium med små opplag. Tilskotsordninga er plattformnøytral og likestiller papiropplag og digitalt opplag.

Frist for å søkje etter produksjonstilskot for 2018 er tysdag 3. april.

Oversikt over ID-nummer

Oversikt over tilskot gitt i 2017

Rettleiing om tillate utbytte til medium som mottek produksjonstilskot

Kontaktperson: Tor Erik Engebretsen

 

2

Samiske aviser

Tilskotet til samiske aviser og samisk språklege avissider skal leggje til rette for demokratisk debatt, meiningsdanning og språkutvikling i det samiske samfunnet.

Med samisk avis meiner vi ei avis som har den samiske befolkninga som hovudmålgruppe.

Det meste av tilskotet blir fordelt mellom avisene Ságat og Avvir. I tillegg gir vi midlar til lulesamiske og sørsamiske innstikk.

3

Distribusjonstilskot til aviser i Finnmark

Topografi, spreidd busetnad og klima gjer avisdistribusjon kostnadskrevjande i Finnmark. For å lette på dei økonomiske ekstrabyrdane desse avisa har, innvilgar Medietilsynet eit eige distribusjonstilskot til aviser i dette fylket.

Aviser i Finnmark kan søkje distribusjonstilskot i tillegg til produksjonsstønaden. Stønaden blir fastsett ut i frå mengda dokumenterte distribuerte eksemplar.

Oversikt over distribusjonstilskot til aviser i Finnmark for 2018

4

Bruksretta medieforsking (RAM)

Stønadsordninga har eit klart mål om at forskinga skal vere praktisk orientert og kunne nyttast i mediekvardagen.

Medietilsynet skal fordele midlar til bruksretta medieforsking med særleg vekt på forsking på tvers av media, og på tema som gjeld redaksjonelle, økonomiske og tekniske tilhøve.

Det er Rådet for anvendt medieforskning som behandlar dei innkomne søknadene og utarbeider ei innstilling til Medietilsynet. Det er tilsynet som tar den endelege avgjerda om avslag og løyvingar.

Les meir om bruksretta medieforsking og tidligare tildelingar

Kontaktperson: Jan Erik Andersen

5

Stønad til etterutdanning

Gjennom mediestønaden blir det gitt tilskot til etterutdanning i mediebransjen. Tilskotet blir gitt til tiltak omtalte i statsbudsjettet.

Tilskot blir blant anna gitt til Institutt for journalistikk og kurs- og seminarverksemd i Landslaget for lokalaviser.

I tillegg administrerer Medietilsynet tilskot til Norsk Mediebarometer som er en undersøkelse om folks medievaner. Undersøkelsen gjennomføres av Statistisk sentralbyrå.

6

Stønad til lokale lyd- og bildemedium

Tilskottsordninga har som hovudmål å bidra til mediemangfald, ytringsfridom og å styrke den demokratiske funksjonen dei lokala lyd- og bildemedia har i samfunnet.

Regjeringa har ei målsetting for denne tilskottsordninga at den skal bidra til digitaliseringa av lokalradio i Noreg, og derfor blir halvparten av midlane øyremerkte til dette formålet.

Regjeringa ønsker også at søknader som stimulerer til bruk av norsk musikk, blir prioriterte ved tildeling av tilskottsmidlar til programproduksjonar og utviklingsprosjekt.

Målgruppa for tilskottsordninga er lokalkringkastingskonsesjonærar og registrerte kringkastarar som hovudsakleg tilbyr innhald retta mot eit lokalt publikum. I tillegg er det ein søknadskategori for nasjonale samanslutningar for lokale lyd- og bildemedium og ein for anleggskonsesjonærar i digitale lokalradionett.

Du kan søke om:

  • investeringstilskott til digitalisering av lokalradio
  • programproduksjoner og utviklingsprosjekter som stimulerer til bruk av norsk
  • driftstilskott til nasjonale samanslutningar for lokale lyd- og bildemedium
  • driftstilskott til lokalradioar for etniske og språklege minoritetsgrupper
  • prosjekttilskott til lokale programproduksjonar
  • prosjekttilskott til kompetansehevande tiltak
  • prosjekttilskott til utviklingsprosjekt

Søknadsfrist for midlar som blir tildelt i 2019 er fredag 2. november.

Ta kontakt med Jon Stjernstedt ved spørsmål.

Forskrift om tilskudd til lokale lyd- og bildemedier

Tildelte midlar for 2018

Tildelte midlar for 2017

Tildelte midlar for 2016

Tildelte midlar for 2015

7

Innovasjons- og utviklingstilskot til nyheits- og aktualitetsmedium

Ordninga trår i kraft 1. juli 2018. Søknadsfrist er 20. september 2018.

Tilskotsordninga skal fremje mediemangfald og ein opplyst offentleg samtale gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsrette innovasjon og utvikling hos nyheits- og aktualitetsmedium.   

Ordninga skal særleg fremje redaksjonell, innhaldsrette innovasjon og utvikling i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium.

Du kan søke stønad til medium som har som

  • hovudformål å drive journalistisk produksjon og formidling av nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt til publikum
  • inneheld eit breitt tilbod av nyheits-, aktualitets- og debattstoff frå ulike samfunnsområde
  • har ein ansvarleg redaktør med status som svarer til føresegnene i Redaktørplakaten

Fleire nyheits- og aktualitetsmedium kan søke saman om tilskot til fellesprosjekt.

8

Menneskerettsprisen

Kulturdepartementets menneskerettspris for journalister tildeles en journalist som i særlig grad har satt søkelys på aktuelle menneskerettighetsspørsmål i Norge.

Prisen deles ut annethvert år, og består av en pengegave på 100 000 kroner samt et litografi, utført av kunstneren Håkon Bleken. Neste gang prisen vil bli deles ut 2. mai 2018.

Gå til denne siden for mer informasjon og for å nominere en journalist.