A-pressa har over lengre tid vore største minoritetsaksjonær i Halden Arbeiderblad med ein eigardel på 41,5 prosent. Etter ei ekstraordinær generalforsamling 24. juni i år har A-pressa inngått aksjekjøpsavtalar med alle andre aksjonærar i Halden Arbeiderblad, slik at A-pressa etter gjennomføring av avtalen vil eige alle aksjane i avisa.
Medietilsynet sine berekningar viser at A-pressa per 1. januar i år hadde kontroll med 57,9 prosent av det samla dagsopplaget av region- og lokalavisene i medieregionen Østvika. Regionen dekkjer Østfold fylke samt store delar av Romerike og Follo i Akershus. Etter tilsynet sine førebelse utrekningar vil A-pressa få kontroll med 61,0 prosent av avisopplaget i regionen gjennom oppkjøpet i Halden Arbeiderblad.
I følgje medieeigarskapslova brukar omfattande eigarstilling i mediemarkedet regionalt normalt å ligg føre ved kontroll med 60 prosent eller meir av det samla dagsopplaget i regionen. A-pressa vil dermed kunne få ei omfattande eigarstilling i Østvika gjennom oppkjøpet. Medietilsynet kan gripe inn mot eit oppkjøp dersom dette får verknader som strider mot formålet til lova om å fremje ytringsfridomen, dei reelle ytringsmoglegheitene og eit allsidig medietilbod. I forarbeida til lova er det lagt til grunn at omfattande eigarstilling normalt vil vere i strid med formålet til lova.
Medietilsynet vurderer om det skal gjerast inngrep mot overtakinga etter reglane i medieeigarskapslova. I tråd med tilsynet sine retningslinjer for saksbehandling i denne typen saker, planlegg Medietilsynet å utarbeide eit høyringsnotat som inneheld dei førebelse vurderingane og konklusjonane til tilsynet. Notatet vil bli sendt på høyring til partane, andre medieføretak, offentlege institusjonar og organisasjonar, samt bli tilgjengeleggjorde på tilsynet sine nettsider slik at alle som har ei interesse i problemstillinga kan uttale seg i saka. Medietilsynet tek sikte på å gjennomføre ei eventuell høyring rett over sommaren.
Etter høyringsrunden vil Medietilsynet ta stilling til om det er grunnlag for å gripe inn mot oppkjøpet. Dersom dette er tilfelle, vil det bli sendt eit varsel om inngrep til A-pressa som også vil innehalde ein invitasjon til møte om minneleg løysing, slik lova føreskriv.