Tilskott til lokalkringkastingsformål - hovudtildelinga for 2010 er klar

Tilskottsordninga skal styrkje lokalkringkastinga gjennom å støtte programproduksjon, kompetansehevande tiltak, utviklingsprosjekt og støtte til lokalradioar retta mot etniske og språklege minoritetar.

Publisert 08.02.2010

Ved hovudtildelinga for 2010 med søknadsfrist 9. oktober 2009, søkte 82 konsesjonærar på i alt 254 prosjekt, 64 frå radio og 18 frå tv. Av desse søkte elleve etnisk-språklege minoritetsradioar om drifts- og investeringsstøtte. Samla søknadssum var på vel 29,4 millionar kroner. Medietilsynet har vedteke  å tildele nærmare 8,9 millionar kroner for hovudtildelinga i 2010. Det er i tillegg gitt driftsstøtte til Norsk lokalradioforbund og Lokal-tv-grupperinga i Mediebedriftenes Landsforening.

Vi gjer merksam på at det også i år er ein søknadsomgang på våren med søknadsfrist i mai. Til denne søknadsomgangen blir det lyst ut midlar til kompetansehevande tiltak. Følg med på nettsidene våre for nærmare informasjon.

Oversikt over tildelinga finn du i menyen til høgre.

Les meir om tilskottsordninga.