2011 var året da Kulturdepartmentet sette ned ei arbeidsgruppe for å sjå nærare på utfordringar, forsking og tiltak mot problematisk dataspeling. No, i januar 2012, kan organisasjonar søke om tilskot for si verksemd med arbeid knytta til dette.
Medietilsynet engasjert
Seniorrådgivar i Medietilsynet, og leiar for arbeidsgruppa for problematisk dataspeling, Thomas Haugan Hepsø, ynskjer at så mange som mulig vil interessere seg for og søke om slik tilskot:
– Dette er ei ordning Lotteritilsynet har utført i lengre tid, men kanskje no - i større grad enn tidligare - er dette aktuelt og relevant for fleire. Dei fleste av oss, både barn og vaksne, speler dataspel og har det moro med det. Men for nokre er kvardagen vanskeleg, og både sosiale, familære og andre faktorar kan bidra til at ein får eit usunt forhold til speling. Det er viktig at gode forebyggande tiltak kjem ut til barn, vaksne og til dømes lærarar.
– Dette tiltaket vil kunne bidra til å styrke informasjonstiltak omkring problemspeling. I arbeidsrapporten frå våren 2011 framhever vi at det eksisterar mange gode tilbod allereie - og ved hjelp av økonomiske tilskot som dette i frå Lottertilsynet vil mykje godt arbeid kunne spres vidare, sier Haugan Hepsø.
Regjeringens handlingsplan
Eitt av måla i regjeringens handlingsplan mot speleproblem er at omfang og kvalitet på lett tilgjengelege tilbod for utsette grupper med speleproblem skal videreutviklast. Frivillige organiserte støttegrupper av speleavhengige, og tilsvarande grupper av pårørande, bidreg positivt til reduksjon av skader og problem skapt av problematisk speladferd. Ordninga med drift- og prosjekttilskot til frivillige støttegrupper blir difor vidareført og styrka.
Også dataspel
Regjeringens handlingsplan omtalar også dataspiel og online rollespel som eit område der avhengigheitsproblematikk oppstår. Støtteordninga inkluderer også frivillige organisasjonar som arbeider i forhold til problematisk dataspeladferd.
I tillegg til driftsstøtte, vektlegg handlingsplanen også utviklings- og informasjonsprosjekt, og for 2012 er det samla sett av 1 050 000 kroner til dette formålet. Kulturdepartementet har delegert saksbehandling og fordeling av midlane til Lotteri- og Stiftelsestilsynet.
Kan søkje no
Følgande grupper/organisasjonar kan no søkje om drifts- og/eller prosjekttilskot:
- Frivillige støttegrupper som har tilbod retta mot spelavhengige eller andre med problematisk speladferd (pengespel/dataspel/online rollespel).
- Frivillige støttegrupper som har tilbod retta mot pårørande til spelavhengige eller andre med problematisk speladferd.
- Andre organisasjonar som arbeider med problemstillingar på feltet.
Søknad
I søknaden må det gjerast greie for støttegruppa si verksemd og kva eit eventuelt tilskot skal brukast til. Organisasjonen må vere registrert i Frivillighetsregisteret eller Enhetsregisteret, og det må gå fram av søknaden om det gjeld driftstilskot eller tilskot til utviklingsprosjekt.
I tillegg må siste godkjende årsmelding og rekneskap, samt kontoopplysningar og eventuell anna dokumentasjon av støttegruppa si verksemd leggast ved. Dersom søkar fekk tilskot i fjor, skal rapport om bruk av desse midlane leggast ved søknaden, jf. tilskotsbrevet for 2011 frå Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Lotteritilsynet legg til grunn at det kjem inn eit tilstrekkeleg tal søknader, og stor nok breidde i søknadene, for at heile potten for 2012 kan tildelast.
Merk søknaden med ”drift/prosjekttilskot 2012” og send den til:
Lotteri- og stiftelsestilsynet, Postboks 800, 6805 Førde
eller på e-post til: postmottak@lottstift.no
Søknadsfristen er 31. januar 2012.