389 søknader til lokalradiokonsesjon

Medietilsynet har registrert 389 søknader til lokalradiokonsesjon. Det har vore mogleg å søkje på tre typar innhaldskonsesjon: 24/7, allmennradio og nisjeradio.

Publisert 26.06.2008

Søknadstal per konsesjonstype:

24/7: 65 søknader
Allmennradio: 181 søknader
Nisjeradio: 141 søknader

I tillegg har tilsynet motteke to søknader der det ikkje går fram kva for ein konsesjonstype det er søkt om.

Det vil tildelast inntil tjuefire 24/7–konsesjonar og inntil 124 allmennradio–konsesjonar. Det er i prinsippet inga grense for kor mange nisjeradiokonsesjonar Medietilsynet kan tildele.

Fleire søkjarar har søkt meir enn ein konsesjon. Mange av desse opplyser at dersom dei får innvilga ein av konsesjonssøknadene sine, ønskjer dei å trekkje dei andre.

Medietilsynet og Post- og teletilsynet kjem til å sende ut vedtak suksessivt til grupper av søkjarar.  – Vi ser føre oss å sende ut vedtak per konsesjonsområde, men det vil også kunne vere andre omsyn å ta når vi etter kvart vurderer dette, seier prosjektleiar Lars Erik Krogsrud i Medietilsynet.

Kontaktpersonar:

Prosjektleiar Lars Erik Krogsrud, tlf. 69 30 12 54
Førstekonsulent Tone Gunhild Haugan, tlf. 69 30 12 41