Utlysing av konsesjon for "Open kanal" 04.01.08

Medietilsynet lyser med dette ut konsesjon for ikkje-kommersielt fjernsyn i det digitale bakkenettet. Søknadsfristen er 3. mars 2008.

Publisert 19.05.2008

Organisasjonar med eit ikkje-kommersielt formål, kan søkje konsesjonen. Éin konsesjon vil bli gitt for ein 24-timars kanal i det digitale bakkenettet. 24 timar sendetid i døgnet vil derimot først vere mogeleg etter analog sløkking i 2010. Fram til dette tidspunktet vil den ikkje-kommersielle kanalen dele frekvens med lokal-tv.

Konsesjonsperioden vil starte frå det tidspunktet Medietilsynet sitt vedtak om konsesjon ligg føre, og vare fram til 2. juni 2021. Tilsynet legg opp til ein kort søknadsbehandling.

Fullstendig utlysingstekst


Kontaktpersonar:

områdeleiar Gudbrand Guthus, tlf. 69 30 12 50
rådgjevar Arve Lindboe, tlf. 69 30 12 42