Meiningsfylt og bruksretta medieforsking

– Økonomisk stønad frå RAM (Rådet for anvendt medieforskning) dekkjer eit område i norsk medieforsking som elles ikkje har særlege tilbod om finansiering, seier seniorrådgjevar Jan-Erik Andersen i Medietilsynet. Han er også sekretær for RAM, som er eit rådgjevande organ for Medietilsynet.

Publisert 16.08.2010

Ordninga blei oppretta i 1976 som ein del av pressestøtte-ordninga, og hadde allereie då eit klart mål om at forskinga skulle vere praktisk orientert. Det er framleis eit krav at forskinga skal kunne nyttast i mediekvardagen. Rådet skal fordele midlar til bruksretta medieforsking med særleg vekt på forsking på tvers av media, og på tema som gjeld redaksjonelle, økonomiske og tekniske tilhøve.

Praktiske resultat

– Det er heile tida ei utfordring å sikre at tildelingane er i tråd med ideen om ei praktisk tilnærming. Rådet prioriterer mellom anna forskingsamarbeid, der resultatet kan kome medieverksemdene praktisk til gode. Normalt har forskarane som søkjer om midlar, ei mastergrad, men det finst fleire unntak, særleg om rådet ser at ideen er god og fruktbar. Difor legg vi vinn på å gje god rettleiing for å sikre vitskapleg haldbare søknader og forskingsprosjekt.

God forskarrekruttering

– Mange har starta forskarkarrieren sin med hjelp av midlar frå RAM, fortel Jan-Erik Andersen. Ordninga med mastergradstipend stimulerer til rekruttering i forskaryrket, og vi kan sjå at mange nye dukkar opp som heiltidsforskarar nokre år etter. Det har etter kvart utvikla seg ei god semje om at stipendet frå RAM er ei kvalitetssikring.

– I norske forskingsmiljø er det vesentleg at RAM representerer ein kontinuitet og aktualitet som er å rekne med på lang sikt. At det er forskarar og praktikarar som er representerte i rådet, gjev ein garanti for at pengane kjem dit dei skal, meiner Jan-Erik Andersen.

Mange søknader

Mengda søknader til RAM borgar for velkvalifiserte prosjekt med høg kvalitet. I 2009 blei det søkt om 20 millionar kroner, medan det i fleire år berre har vore 2,9 millionar å dele på. Oftast er det mange fleire kvalifiserte søknader enn det er råd å etterkome.

Høgt truverde

Samanlikna med andre forskarfond er potten i RAM liten. – Likevel held forskarmiljøet fast på at ein lyt halde fram med denne ordninga, særleg fordi det ikkje finst noko finansieringsalternativ for halvårige og eittårige forskingsprosjekt.

Høgaktuelle tema

Kvart år arbeider rådet med å fange opp tema som kan aktualisere forsking, og som samstundes blir spegla i den årlege RAM-konferansen. I tillegg er det årlege tildelingsbrevet frå Kulturdepartementet til Medietilsynet også viktig som rettleiing i val av aktuelle tema rådet ønskjer å fremje. Prioriteringane i statsbudsjettet for 2010 handla til dømes om mediebruken blant barn og unge, og omsynet til minoritetar.

– For å sikre at tildelinga er uavhengig, og at ho er rett handsama, skjer ho i to trinn, der forskarar og praktikarar tek del i arbeidet. Det gjev legitimitet i miljøet og garanterar for at rådet har den kompetansen og objektiviteten i sine vurderingar som er naudsynt. Det er Medietilsynet som endeleg vedtek tildeling av midlane.

Mangesidig forsking

RAM blir viktigare etter kvart som følgjene av mediekonvergensen slår inn i både fag og bransjar. Forsking på dei såkalla nye media er naudsynt, og det er heilt i tråd med at Noreg no står framfor å innarbeide det audiovisuelle mediedirektivet i den norske lovgjevinga.

– Rådet er budd på at det kan kome søknader om forskingsmidlar med utgangspunkt dette, både frå frittståande og institusjonstilknytte forskarar. Medieutviklinga krev også særskild velvilje til å sjå ting i samanhangar på fleire forskingsfelt, og RAM ønskjer difor også å gå inn med midlar i ymse delprosjekt.

– Framtida for rådet meiner eg er god, men status og rolle er avhengig av at tildelingane er praktisk nok retta. Om ikkje kan rådet og midlane miste verdien sin. Det er rådet også merksam på og arbeider følgjeleg kontinuerleg med denne ambisjonen, avsluttar Jan-Erik Andersen.

Les meir om RAM og medieforsking på www.ram.no

Kontakt

Lenker

Relaterte saker