1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2015

Nytt fra Medietilsynet

Høyring om endring av regelverket for reklame og sponsing på tv

Høyringsnotatet frå Kulturdepartementet inneheld fleire framlegg til endringar av kringkastingslova og -forskrifta. Formålet er å betre konkurranseevna og finansieringsmoglegheitene til norske kringkastarar.

I høyringsnotatet ser ein desse framlegga til endringar som gjeld tv:

  • Høve til å ta i bruk nye reklameteknikkar, som reklame på delt skjerm og virtuell reklame
  • Oppheving av regelen om at reklame ikkje kan overstige 15 prosent av dagleg sendetid
  • Mindre detaljerte reglar for reklameavbrot
  • Opning for identifikasjon av sponsor i program, enkeltinnslag i program og i programtrailerar. Oppheving av kringkastingslova § 3-5

Får store konsekvensar både for kringkastarane og
sjåarane

– Endringane i framlegget vil kunne gi auka inntekter for kommersielle tv-kanalar, og såleis betre førutsetnader for innhaldsproduksjon. Men dei kan òg gi publikum ei anna sjåaroppleving, seier Gudbrand Guthus, direktør for konsesjon og tilsyn i Medietilsynet. – Skiljet mellom redaksjonelt innhald og kommersielle bodskap har vore grunnsteinen i kringkastingsregelverket. Det er særleg viktig å vurdere kva framlegget har å seie for dette skiljet, seier Guthus. Medietilsynet vil komme med si høyringsfråsegn innan fristen 15. mars 2016.

Gå til nyheitsmeldinga frå Kulturdepartementet om høyringa

Gå til høyringa på Kulturdepartementets sider

For mer informasjon, ta kontakt med Gudbrand Guthus