1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet

Stønad til digitalisering av lokalradio

Salten sendestasjon, foto: Norkring

På oppdrag frå Kulturdepartementet sender Medietilsynet i dag eit forslag om endringar i stønadordninga for lokalkringkasting på høyring. Endringa inneber at lokalradioar kan søkje om tilskot til digitalisering. Halvparten av stønaden på 13,5 millionar kroner til lokalkringkasting blir øyremerkte digitalisering.

Departementet ønskjer å medverke til at DAB-nettet for lokalradio også kan byggjast ut i dei delane av landet der det ikkje er grunnlag for kommersiell utbygging. – Med denne endringa vil lokalradioar utanfor storbyene kunne nytte seg av fordelane ved å bli digitalisert. Dette vil gjere lokalradioane betre rusta i konkurransen med andre digitale medier, seier kulturminister Thorhild Widvey i ein pressemelding frå Kulturdepartementet.

I stortingsmeldinga om lokalradio som blei lagt fram i vår, fremma Kulturdepartementet ei rekkje tiltak for å betre rammevilkåra for lokalradio.Alle lokalradioar utanfor dei fire største byane fekk gratis konsesjonsforlenging på FM i fem år, samtidig som alle innhaldsforpliktingar og inntektsavgrensingar blei fjerna.Det blei vidare foreslått ei rekkje tiltak for å sørgje for at lokalradioane skulle få reell tilgang til DAB-nettet.

Du kan lese høyringsforslaget og se høyringsinstansar her.