1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet

Tilskot til lokalkringkasting 2015 er fordelt

Medietilsynet har, etter innstilling frå Fagutvalet for lokalkringkasting, vedteke fordelinga av tilskot for 2015.

Det blei søkt om midlar til i alt 254 prosjekt fordelt på 73 søkjarar – 63 frå radio og ti frå tv. Av desse blei det søkt om drifts- og investeringsstønad frå i alt elleve etnisk-språklege minoritetsradioar.

Samla søknadssum var på vel 27 millionar kroner. Medietilsynet har fordelt omlag 9,1 millionar kroner for 2015. Det er i tillegg gitt driftsstønad til Norsk lokalradioforbund og Lokal-tv-grupperinga i Mediebedriftenes Landsforening.

Her finn du oversikt over tilskotsfordelinga