1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2016
  5. Det store digitalradiosteget

Nytt fra Medietilsynet

Det store digitalradiosteget

DAB-radio. Foto: Medietilsynet

Det er ikkje lenger langt inn i framtida at Noreg tar det store steget inn i den digitale radioverda. Eitt år fram i tid har lyttarane i Nordland alt i mange månader vore heildigitale når det gjeld riksdekkande radio.

Lyttarar i Trøndelag og Møre og Romsdal har tilgang til berre digitale rikssendingar frå rett etter påske neste år. I slutten av april 2017 sløkker NRK FM-sendingane sine i Telemark, Buskerud, Oppland og Hedmark. I desse fylka sløkker Radio Norge og P4 på FM i juni. Etter sommarferien er det sløkking i Agder-fylka, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Før jul neste år er riksdekkande radio heildigital i heile landet.

Så godt som alle kjenner til overgangen frå FM til digitalradio. Konkret kunnskap er meir varierande. Nå må alle som vil høyre NRK og riksdekkande radio elles, ta inn over seg at det ikkje er mange månadene til at lytting må skje på ein DAB+-radio eller via internett eller digital-tv.

Radiolytting i bil gir god underhaldning og er ei viktig kjelde til meldingar om trafikk og nødssituasjonar. Likevel er det mange som ikkje har gjort bilen klar for digital radiolytting. Sjølv om det kanskje er halvanna år til dei rikssendte FM-sendingane blir borte der du bur, kan det vere under eit år til det berre er digitale signal langs vegane du køyrer.

Digitalradio gir eit større tilbod av kanalar enn FM. Men ikkje alle har berre gode erfaringar med lytting på DAB. Dei som var tidleg ute med å skaffe seg DAB-radio med førstegenerasjonsteknologi, må vere klar over at det er DAB+-radioar som gjeld framover. Når det gjeld vegtunnelar, er det greitt å vite at det først er nå i år eller nærmare sløkking at ei rekke tunnelar får digitale signal. Dessutan blir DAB+-nettet framleis forsterka ein rekke stader rundt om i landet for betre dekning.

Lokalradio er ein viktig del av mediemangfaldet. Stadig fleire lokalradioar sender digitalt, både over internett og på DAB+. Dei fleste lokalradioane vil jamvel etter neste år kunne halde fram på FM om dei ønsker det.

Medietilsynet informerer om digitalradioovergangen etter oppdrag frå Kulturdepartementet. Sjå meir på Medietilsynets nettside.

For meir informasjon, ta kontakt med Gudbrand Guthus eller Line Langnes