1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet

ESA har godkjent nullmoms for digitale nyheitspublikasjonar

Allereie frå mars 2016 reknar ein med at momsfritaket vil iverksetjast.

 

ESA fastslår at eit fritak for meirverdiavgift inneber statsstønad, men at det er i tråd med statsstønadregelverket.ESA har dag godkjent fritaket til 1. mars 2022.

Det er forutsett at fritaket for elektroniske nyheitstenester i størst mogeleg grad skal avgrensast som dagens fritak for papiraviser og at hovudkriteriet blir knytt til tenesta sitt innhald.Det er derfor lagt opp til at fritaket skal omfatte tenester som inneheld ei brei dekning av nyheits- og aktualitetsstoff som er retta mot publikum. Nyheitstenester som i hovudsak berre gjeld ein sektor eller er retta mot berre ein interesse eller bransje, vil ikkje vere friteken.

Les heile pressemeldinga frå Kulturdepartementet og Finansdepartementet her.