1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet

Lokalradio – høyring av endringar i kringkastingsforskrifta

Medietilsynet sender utkast til endringar i kringkastingsforskrifta sine føresegner om analog lokalradio ut på offentleg høyring. Frist for innspel er 18. april 2016.

Endringsforslaga er ei oppfølging av den liberaliseringa av rammevilkåra for lokalradio som blei fremma av regjeringa i Meld.St.24 (2014-2015) Rammevilkår for lokalradio i samband med digitaliseringa av radiomediet.

Medietilsynet skal, i samarbeid med Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, forlengje innhaldskonsesjonar, anleggskonsesjonar og frekvensløyve i god tid før inneverande konsesjonsperiode går ut 31. desember 2016. Medietilsynet tar sikte på å forlengje konsesjonane så snart endringane i kringkastingsforskrifta er vedtatt. Medietilsynet sender med dette på høyring utkast til vilkår i forlengingsvedtaka.

Innspel til høyringa kan du merke med «Lokalradio – høyring av endringar i kringkastingsforskrifta» og sende på epost til post@medietilsynet.no med kopi til linda.andersen@medietilsynet.no innan 18. april 2016. Innspel kan også sendast per post til: Medietilsynet, Nygata 4, 1607 Fredrikstad.

Her finn du:

Kontaktperson: Seniorrådgiver Linda M. Andersen