1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2016

Nytt fra Medietilsynet

Tilskot til lokale lyd- og bildemedium 2016 er fordelte

Medietilsynet har, etter innstilling frå Fagutvalet for tilskot til lokale lyd- og bildemedium, vedtatt fordelinga av tilskot for 2016.

 

Målgruppa for tilskotsordninga er lokalkringkastingskonsesjonærar og registrerte kringkastarar som hovudsakleg tilbyr innhald retta mot eit lokalt publikum. Nytt for i år er at også lokalradiokonsesjonærar og anleggskonsesjonærar kan søkje om investeringstilskot til digitalisering av lokalradio og nettutbygging. Over halvparten av tilskotsmidlane for 2016 er gitt som investeringsstønad til digitalisering av lokalradio.

Medietilsynet har mottatt 266 søknader for 2016. Det blei søkt om 40 millionar kroner frå 90 søkjarar. Det er tildelt 16 millioner kroner for 2016. Rundt 13,8 millioner er bevilga for 2016, og i tillegg kjem omlag 2,2 millionar kroner frå overførte tilskotsmidlar frå 2015.

Tilskot blir gitt etter forskrift om tilskudd til lokale lyd- og bildemedier.

Oversikt over tildelingane for 2016

Meir om tilskotsordninga

Kontaktpersonar: Jørgen Abelsen og Tor Erik Engebretsen