1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet

Utlysing av allmennradiokonsesjon i Øksnes

Antenne Foto: Medietilsynet

Medietilsynet har mottatt søknad om innhaldskonsesjon og sendaranleggskonsesjon til drift av allmennradio på FM-nettet i konsesjonsområde 17-24 (Øksnes).

 

Konsesjonsområde Øksnes står i dag utan allmennradiotilbod.

Medietilsynet kunngjer med dette høvet for andre interesserte å søkje om allmennradiokonsesjon med tilhøyrande sendaranleggskonsesjon i dette området.

Konsesjonen vil ha ei lengd fram til 31. desember 2016, og vil deretter bli forlengde med fem år i tråd med Stortingets vedtak om lokalradioar som skal få fortsetje på FM etter sløkkinga av det riksdekkjande FM-nettet, sjå Meld. St. 24 (2014-2015).

For å kunne nytte innhaldskonsesjonen og anleggskonsesjonen til kringkastingssendingar, må radioen også ha frekvensløyve. Eventuelle søkjarar må søkje Nasjonal kommunikasjonsmyndighet om ein slik frekvensløyve.

Søknadsfristen er 3. oktober 2016.

Les meir om korleis du søkjer

For meir informasjon, ta kontakt med Lars Erik Krogsrud