1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2017

Nytt fra Medietilsynet

FM-sløkking i Trøndelag og Møre og Romsdal

DAB-antenne i Hedmark (Hedmarksradioene)

Den 8. februar klokken 11.11 sløkte NRK sine FM-sendingar i Trøndelag og Møre og Romsdal.

Det digitale radioskiftet fortsette med sløkking av FM-sendingane til NRK i tre nye fylkjer 8. februar. Dei riksdekkjande, kommersielle radiokanalane følgjer etter og blir heildigitale den 21. april. Lokalradioar, med unnatak av P5 Trondheim, Radio Metro Trondheim, Radio ROCK Trondheim og NRJ Trondheim, kan fortsette å sende på FM.

Er du klar?

Dersom du som bur i Trøndelag og Møre og Romsdal ønskjer å lytte til NRK sine kanalar etter 8. februar, vil du trenge ei digital radioløysing. Du kan lytte til digitale radiosendingar via DAB+, appar, internett og tv. Hugs at radiolytting gjennom internett krev bruk av WiFi eller mobildata.

Mange butikkar og bilverkstader melder om stor pågang. Det kan derfor vere lurt å planleggje korleis du skal møte radioskiftet.

Råd og hjelp

Dersom du lurer på når FM-nettet blir sløkt for dei riksdekkjande radiokanalane der du bur, finn du ei fullstendig oversikt her.

Du kan også få ei oversikt over kva kanalar som blir tilgjengeleg der du bur på radio.no. Dersom du har spørsmål eller ønskjer informasjon om det digitale radioskiftet kan du lese meir på Medietilsynets nettside om digitalradio. Her finn du mellom anna dekning og mottak, kanalsøk, DAB+ i bil og gjenvinning av FM-radioar.

Du finn også nyttig informasjon om DAB på nrk.no/dab og radio.no