1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt

Årsmelding for lokalkringkasting for 2017

Norges lover - kringkasting

Skjema for årsmelding for lokalradio og lokal-tv for 2017 er no klart. Alle konsesjonærar på FM, anleggskonsesjonærar på DAB og lokal-tv-konsesjonærar skal levere årsmelding.

Årsmeldingane skal gi bransjen og styresmaktene nødvendig informasjon om tilstanden i bransjen. Kvaliteten på dei meldingane vi får er avgjerande for å kunne gi eit riktig bilete.

For anleggskonsesjonærar på DAB er det eit vilkår i konsesjonsvedtaket med plikt til å levere ein rapport til Medietilsynet om verksemda frå det førre året innan 1. april kvart år. Dette skal frå i år gjerast på fastsette skjema.

Om du har fleire konsesjonar må du levere separat årsmelding for kvar konsesjon inkluderte separate nøkkeltal for økonomien.

Skjema og rettleiingar finn du her 

For meir informasjon, kontakt Robin Welhaven Føyen eller Tone Haugan-Hepsø

  Abonner på nyheter (RSS)