1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2017

Nytt fra Medietilsynet

Frist 1. april: årsmelding for lokalkringkasting og registreringspliktig kringkasting for 2016

Bilde av den elektroniske skjemaløsningen

Skjema for årsmelding for lokalradio, lokal-tv og registreringspliktig kringkasting for 2016 er no klart.

Skjemaet finn du her

Vi viser til § 7–11 i kringkastingsforskrifta som pålegg konsesjonærane å sende årsmelding om verksemda si innan 1. april kvart år.

Årsmeldingane skal gi bransjen og styresmaktene nødvendig informasjon om tilstanden i bransjen. Kvaliteten på dei meldingane vi får er avgjerande for å kunne gi eit riktig bilde. Rapportar frå den einskilde konsesjonæren blir ikkje offentleggjort.

Dersom du har fleire konsesjonar, må du levere separat årsmelding for kvar konsesjon inkludert separate nøkkeltal for økonomien.

Medietilsynet har sendt brev til den einskilde kringkastar per e-post.

Innleveringsfrist er 1. april.

Rettleiing for utfylling av søknaden finn du her

For meir informasjon, ta kontakt med Bente Berg-Haugli