1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt

Tilskot til lokale lyd- og bildemedium 2017 er fordelte

Bilde av antenne

Medietilsynet har, etter innstilling frå Fagutvalet for tilskot til lokale lyd- og bildemedium, vedtatt fordelinga av tilskot for 2017.

Målgruppa for tilskotsordninga er lokalkringkastingskonsesjonærar og registrerte kringkastarar som hovudsakleg tilbyr innhald retta mot eit lokalt publikum. Lokalradiokonsesjonærar og anleggskonsesjonærar kan søkje om investeringstilskot til digitalisering av lokalradio og nettutbygging.

Medietilsynet har mottatt 300 søknader om tilskot til lokale lyd- og bildemedium for 2017. Det blei søkt om 40 millionar kroner frå 101 søkjarar. Medietilsynet har tildelt omlag 19 millionar kroner for 2017. Over halvparten av tilskotsmidlane er tildelte som investeringsstønad til digitalisering av lokalradio.

Tilskot til lokale lyd- og bildemedium for 2018 vil bli utlyst hausten 2017. Følg med på nettsidene våre for informasjon og søknadsskjema.

Tilskot blir gitt etter forskrift om tilskot til lokale lyd- og bildemedium

Oversikt over tildelingane for 2017

Meir om tilskotsordninga

Kontaktpersonar: Jørgen Abelsen og Tor Erik Engebretsen