1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt

Nettavislesarar fryktar personalisering av nyheiter

Foto av mann med pc og mobil

Ny forsking finn at det eksisterer ein tydeleg skepsis til personalisering av nyheiter blant lesarar av adressa. Dette kjem fram i ei fersk masteroppgåve laga med forskingsstønad frå Medietilsynet (RAM).

Personalisering av nyheiter inneber at lesaren sine klikkvanar er med på å avgjere kva for nyheiter som blir presenterte for den einskilde brukaren. For nettaviser inneber dette at preferansane og interessene til kvar einskild brukar er med på å avgjere kva for nyheiter som skal dukke opp på framsida.

Fryktar eit sortert nyheitsbilete

Resultata er baserte på dybdeintervju med 14 ulike brukarar av adressa.no. Masteroppgåva er skriven av Stian Kristoffer Sande ved masterstudiet medium, kommunikasjon og informasjonsteknologi ved NTNU, og han finn at sjølv om majoriteten av utvalet er skeptiske, er likevel mange av lesarane også positive til personalisering av nyheiter. Haldningane varierer dessutan ut frå type nyheitsstoff og kva type nettavis det er snakk om.

– Det er meir skepsis til personalisering av nyheiter i nasjonale nettaviser enn i adressa.no. Det hengjer saman med at lesarane er redde for at klikkvanane deira vil påverke sorteringa av nyheitene i så stor grad at nyheitsbiletet etter kvart består av same nyheitstema og dei same nyheitene. Dei fryktar at det vil føre til eit mindre interessant og lærerikt nyheitsbilete, med fare for at eigne meiningar blir forsterka og at andre synspunkt ikkje blir fanga opp, seier medievitaren.

Djupare innsikt med personaliserte nyheiter

Lesarar som er positive til personaliserte nyheiter, trur sorteringa av nyheiter vil føre til meir interessante og lærerike nyheitsbilete, og at det vil bli større moglegheit til å skaffe seg djupare innsikt og kunnskap om emne dei synest er interessante.

– Lesarane er også opptatte av i kor stor grad nyheitsbiletet består av personaliserte nyheiter. Fleire av lesarane som i utgangspunktet er skeptiske, er samtidig positive til at nettavisene tilbyr både personaliserte og redaksjonelt utvalde nyheiter, seier Sande.

Om ny medieforsking

Medietilsynet tar den endelege avgjerda for kven som mottar stønad til forsking etter ei innstilling frå Rådet for anvendt medieforskning (RAM). Det er eit klart mål at forskinga skal vere praktisk orientert og skal kunne brukast i mediekvardagen.