1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt

Utlysing av allmennradiokonsesjon i område 12-06

Medietilsynet har mottatt søknad om innhaldskonsesjon og sendaranleggskonsesjon til drift av allmennradio på FM-nettet i konsesjonsområde 12-06 (Masfjorden m.fl.).

Konsesjonsområde 12-06 står i dag utan allmennradiotilbod.

Medietilsynet kunngjer med dette høvet for andre interesserte å søke om allmennradiokonsesjon med tilhøyrande sendaranleggskonsesjon i dette området. Bakgrunnen for at området 12-06 blir kunngjort er at den første søknaden ble mottatt av Medietilsynet før tilsynet la om sin praksis ved tildeling av "først til mølla"-prinsippet.

Dersom Medietilsynet ikkje mottar konkurrerande søknader, vil innhaldskonsesjon og sendaranleggskonsesjon bli gitt søkar med lengd fram til 31. desember 2021. Dersom vi mottar fleire konkurrerande søknader, vil løyving bli avgjort ved loddtrekking.

Søknadsskjema finn du her

For å kunne nytte innhaldskonsesjonen og anleggskonsesjonen til kringkastingssendingar, må radioen også søke om frekvensløyve hos Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit.

Søknadsfristen er mandag 9. april 2018.

Kontaktperson: Robin Welhaven Føyen

  Abonner på nyheter (RSS)