Solveig Lind

Har du spørsmål om Jobbe i Medietilsynet? Send en epost til Solveig Lind eller ring 69301222

1

Ledige stillingar

Medietilsynet har for tida ingen ledige stillingar.

2

Engasjert mangfald

Som tilsett i Medietilsynet vil du vere ein del av ei verksemd der nye utfordringar og endringar er ein del av kvardagen.Du vil jobbe i eit mangfaldig og fagleg sterkt miljø med engasjerte medarbeidarar.

Medietilsynet har i underkant av 50 tilsette fordelt på fire fagområde og direktøren sin stab. Dei fleste har høgare utdanning innan jus, medievitskap, samfunnsvitskap, økonomi og pedagogikk.

Vi i Medietilsynet er opptatte av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte til å søkje hos oss utan omsyn til alder, kjønn, funksjonshemming og geografisk eller etnisk bakgrunn.Vi held til i lokale sentralt i Fredrikstad.

HMS-arbeidet (helse, miljø og tryggleik) skal sikre ein trygg og triveleg arbeidsplass for alle tilsette. Medietilsynet er IA-bedrift (inkluderande arbeidsliv). IA-avtalen stiller krav til verksemda sitt arbeid med sjukefråvær når det gjeld førebygging, tilrettelegging og oppfølging av tilsette.

Vi er legg vekt på:

  • å vere eit fagmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
  • å ha positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for fagområdet
  • kunnskapsdeling og kunnskapsutvikling og ein familievennleg og fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • tilrettelegging og moglegheit for trening i arbeidstida

Som tilsett i Medietilsynet blir du medlem av Statens pensjonskasse som blant anna gir lån til boligformål.

 

 

3

Inkluderande og tverrfagleg organisasjon

Tverrfagleg kompetanseutvikling

Medietilsynet praktiserer ein områdemodell som set oppgåva i sentrum. Det betyr at vi ofte samarbeider på tvers av fagområda, og vi har som mål at du som tilsett i Medietilsynet skal kunne flytte på deg og vidareutvikle deg i organisasjonen.

Dei fleste tilsette har høgare utdanning, og vi dekker fire fagområde i tillegg til administrasjon. Vi som arbeidar i tilsynet i dag er til dømes juristar, medievitarar, samfunnsvitarar, siviløkonomar og pedagogar.

Medietilsynet sysselsette 24 kvinner og 22 menn, totalt 46 personar ved utgangen av 2016.

Mangfald i organisasjonen

Fordelinga mellom menn og kvinner har vore stabil gjennom dei siste åra.  Leiargruppa består av fire menn og to kvinner. Arbeidsstokken er stabil med ein gjennomsnittsalder på 47 år. Kvinnedelen er framleis høgast innanfor stillingar på lågare nivå, noko som forklarar lønnsskilnaden mellom menn og kvinner i tilsynet. Innanfor same stillingsnivå er årslønna til menn og kvinner tilnærma lik.

Det er eit mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing ved rekruttering til stillingar. Tilsynet ønskjer å utjamne alders- og kjønnsfordelinga i og mellom ulike stillingsgrupper ved tilsetjing i ledige stillingar.

Tilsette i Medietilsynet per 2016, kjønnsfordeling og lønn