1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet

Våre oppgåver

Medietilsynet jobbar for at alle skal ha tilgang til eit variert tv- og radiotilbod og ein brei flora av ulike aviser over heile landet. Vi vil at barn og unge skal ha god kunnskap om bruk av internett og digitale verktøy som gjer dei til ansvarlege brukarar av digitale medium.

  1. Organisasjon
  2. Dette gjer vi
  3. Leiinga
Medietilsynet

Har du spørsmål om Våre oppgåver? Send en epost til Medietilsynet eller ring 69301200

1

Organisasjon

Mari Velsand er direktør for tilsynet. Medietilsynet har tre avdelingar: juridisk og regulatorisk, kommunikasjon, rådgiving og analyse og avdeling for fellestenester.

Medietilsynet blir finansiert med midlar over statsbudsjettet. Driftsbudsjettet for 2018 er på vel 50 millionar kroner. Tilsynet sin rekneskap blir ført etter kontantprinsippet i staten.

Fellestenester - ledet av Svein Erik Klemetsen

  • Avdelingen leverer fellestjenester til hele Medietilsynet
  • Inkluderer alle administrative støttefunksjoner, IKT, virksomhetsstyring, avgiftsinnkreving og registrering

Kommunikasjon, rådgivning og analyse - ledet av Kristine Meek

  • Avdelingen har ansvar for kommunikasjons- analyse og rådgivningsarbeid
  • Avdelingen har ansvar for fagområdene mediemarked (inkl. mediemangfold, økonomi og eierskap), kritisk medieforståelse, og for å følge teknologiutviklingen relatert til mediebruk

Juridisk og regulatorisk - ledet av Hanne Sekkelsten

  • Avdelingen har ansvar for at tilsyn med at lover og forskrifter på medieområdet følges og at tilsynsarbeidet gjennomføres effektivt og hensiktsmessig
  • Avdelingen forvalter de tilskuddsordninger Medietilsynet har ansvar for
  • Avdelingen har hovedansvar for regelverksutvikling, høringsuttalelser og internasjonalt arbeid
  • Avdelingen har ansvar for oppgaver knyttet til konsesjoner
2

Dette gjer vi

Medietilsynet er underlagt Kulturdepartementet som gir rammene for arbeidet vårt gjennom eit årleg tildelingsbrev til oss. Våre oppgåver er i hovudsak desse:

  • Fører tilsyn med allmennkringkastingsforpliktingane til NRK, TV 2, P4 og Radio Norge
  • Fører tilsyn med at tv- og radiokanalane overheld kringkastingsregelverket om reklame, sponsing og forbodet mot vald og pornografi i kringkasting
  • Gir løyve til og følgjer opp vilkåra for å drive og sende lokalradio
  • Fører tilsyn med konsesjonsvilkår for riksnettet for digital-tv
  • Set aldersgrenser på film som skal bli vist på kino
  • Innhenter kunnskap om barn og unge sin mediebruk
  • Rettleier barn og unge i bruk av digitale medium
  • Behandler søknader og utbetaler pressestønad til landets aviser
  • Behandler søknader om stønad til drift av lokalradio og lokal-tv
  • Følgjer med på medieutviklinga og gir råd og innspel til Kulturdepartementet innanfor medieområdet
  • Administrerer og er medlem av fleire medierelaterte råd og utval og administrerer fleire stønadordningar på mediefeltet
3

Leiinga

 

Direktør Mari Velsand

Frå 2014 til 2017 var ho konserndirektør i Amedia AS. Før det var ho blant anna konserndirektør i Tun Media, distriktsredaktør i NRK Hordaland, programredaktør i NRK og har arbeidt i Oppland Arbeiderblad. Mari er utdanna frå Norsk Journalisthøgskole og har mastergrad i ledelse frå BI. Ho tiltredde som direktør i Medietilsynet 1. september 2017.

Direktør for juridisk og regulatorisk avdeling, Hanne Nistad Sekkelsten

Jurist frå Universitetet i Oslo. Ho har variert erfaring frå ulike offentlege forvaltingsinstansar, blant anna frå Fylkesmannen i Østfold. Ho har også arbeidt som advokat i advokatfirmaet Din Advokatpartner AS, før ho blei tilsett i Medietilsynet i 2010.

Direktør for kommunikasjon, rådgiving og analyse, Kristine Meek

Meek har tidlegare vore leiar for eksternkommunikasjon i Telenor Norge. Ho har også vore leiar for samfunnsansvar same stad og har leia internkommunikasjon i Telenor India. Før ho starta i Telenor i 2010 jobba ho som kommunikasjonsrådgivar i Geelmuyden.Kiese. Meek har også vore journalist i fleire aviser. Ho er utdanna sosiolog ved Universitetet i Oslo og kjem frå Vestby.

Direktør for fellestenester, Svein Erik Klemetsen

Klemetsen er utdanna siviløkonom/MBA frå Lunds Universitet i Sverige. Han har lang medieerfaring frå Orkla Media, Schibsted ASA og Dagbladet/ Aller Media. Klemetsen har jobba i fleire selskap som økonomidirektør/CFO og hatt fleire roller innanfor forretningsutvikling, IT/administrasjon og HR.