1

Medieforsking i 2016

Her finn du ei oversikt over dei som har fått midlar i 2016. Ifølgje Handlingsplan mot spillproblemer 2013-2015 er det behov for meir kunnskap om dataspel, spelatferd og spelstrukturar. Kvart år blir eit spesielt tema prioritert, og Rådet for anvendt medieforskning (RAM) vurderer kandidatane som søkjer. I 2016 er blant anna midlane øyremerkt til forsking om spel - dataspel, speleåtferd og spelstrukturar.

2

Medieforskarar inn i stova

Eitt av kriteria for å motta stønad er at forskarane kan stille opp på skular, arbeidsplassar eller andre stader og fortelje om prosjektet sitt.

Det er stor variasjon i tema som blir forska på. Både tradisjonelle og nye medium er med, og prosjekta er gjerne tilknytt ein arbeidsplass som sjølv er eit medium, eller akademia.

Det sentrale med stønadsordninga er at forskinga skal være bruksretta, med særleg vekt på forsking på tvers av media.

I 2016 pågår det 17 prosjekt med stønad frå oss, og du kan få ein forskar på besøk for å høyre meir om for eksempel sosiale medier si rolle i grasrotengasjementet kring den syriske flyktningkrisa eller hvike faktorer gir journalister posttruamatisk stress?

Medietilsynet dekkjer utgiftene i samband med besøket. Ta kontakt med oss for å høyre meir.

3

Tidlegare forsking

Her finn du tidlegare forsking frå 2010 til 2014. For nokre av dei har vi motteke eit samandrag av forskinga med kontaktinformasjon og korleis du kan få tak i rapporten, boka eller liknande. Dei har vi lenkja til.