Du er her:
Forside > ... > Europeisk regelverksamarbeid på kringkastingsfeltet > ...
Radio og TV
Europeisk regelverksamarbeid på kringkastingsfeltet
Norsk kringkastingsregulering lever ikkje i eit vakuum. Gjennom EØS-avtalen er Noreg forplikta til å gjennomføre EUs regelverk om fjernsyn og andre audiovisuelle medietenester i norsk rett. Praksis frå EU-Domstolen og andre tolkingsfråsegner frå Kommisjonen vil også kunne få følgjer for norske tenesteytarar.
Publisert 09.08.2011
Eit større arbeid med å gjennomføre EUs nye direktiv om audiovisuelle medietenester i norsk rett er no på gang, og Medietilsynet tek aktivt del i dette arbeidet saman med Kulturdepartementet.
Medietilsynet samarbeider i utstrakt grad med andre tilsynsorgan i Europa og deltar i ulike europeiske fora for å utveksle erfaringar og å påverke avgjerdsprosessar.
Fleire av fjernsynskanalane som sender i Noreg er ikkje underlagt norsk regelverk. Som publikum kan du likevel klage på desse sendingane.
På desse sidene kan du lære meir om korleis EU-reguleringa verkar inn på norsk kringkastingsregulering, og om det arbeidet Medietilsynet gjer i europeisk samanheng på kringkastingsfeltet. Du kan også lese om korleis du som sjåar kan klage på innhald i utanlandske fjernsynskanalar som rettar verksemda si mot Noreg.
EUs direktiv om audiovisuelle medietenester
Klager på innhald i utanlandske fjernsynskanalar (retta sendingar)
Samarbeid med andre europeiske tilsynsorgan
Det europeiske audiovisuelle observatoriet