2010 er forbi, og Medietilsynet sender i desse dagar ut det årlege skjemaet om eigarforhold til norske papiraviser og nasjonale kringkastarar. Eigarskap i nyheitsmedium på Internett skal også rapporterast inn.
Medietilsynet skal ifølgje medieeigarskapslova § 7 føre tilsyn med marknads- og eigarforhold i dagspresse, fjernsyn, radio og elektroniske medium.
Vidare skal tilsynet vere med på å skape større openheit, merksemd og kunnskap om eigarforhold i norske medium.
Medietilsynet samlar derfor inn informasjon om eigarskap i norske medieselskap. Dette skjer på to måtar; kontinuerleg heile året når det blir fanga opp at det har vore endringar på eigarsida i eit medieføretak, og ei årleg innhenting av opplysningar frå alle medium.
I desse dagane blir eigarskapsskjema og rettleiing sendt på e-post til alle papiraviser og nasjonale kringkastarar i Noreg. Dei skal fylle inn informasjon om sine eigarar per 31. desember 2010 og returnere skjemaet til Medietilsynet på e-post. Skjema og rettleiing finst også på denne nettsida.
Skjemaet skal sendast til post@medietilsynet.no innan 21. januar 2011.
Opplysningsplikt etter medieeigarskapslova
Ifølgje medieeigarskapslova § 13 pliktar alle å gi Medietilsynet dei opplysningane tilsynet krev for å kunne utføre gjeremåla sine etter lova. Det kan medføre økonomiske sanksjonar eller straff dersom ein unngår å gi opplysningar, jf. medieeigarskapslova §§ 14 og 16.
Lenkjer til søknadsskjema og rettleiing finn du i menyen til høgre.