1

Produksjonstilskott

Produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium skal føre til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet.

Tilskottet er retta mot økonomisk vanskelegstilte medium og medium med små opplag. Tilskottsordninga er plattformnøytral og likestiller papiropplag og digitalt opplag.

Oversikt over tilskott gitt i 2018

Oversikt over tilskott gitt i 2017

Oversikt over ID-nummer

Rettleiing om utbytte som er tillate for medium som får produksjonstilskott

Kontaktperson: Tor Erik Engebretsen

 

2

Samiske aviser

Tilskottet til samiske aviser og samisk språklege avissider skal legge til rette for demokratisk debatt, meiningsdanning og språkutvikling i det samiske samfunnet.

Med samisk avis meiner vi ei avis som har den samiske befolkninga som hovudmålgruppe.

Det meste av tilskottet blir fordelt mellom avisene Ságat og Avvir. I tillegg gir vi stønad til lulesamiske og sørsamiske innstikk.

3

Distribusjonstilskott til aviser i Finnmark

Topografi, spreidd busetnad og klima gjer avisdistribusjon kostnadskrevjande i Finnmark. For å lette på dei økonomiske ekstrabyrdane desse avisene har, innvilgar Medietilsynet eit eige distribusjonstilskott til aviser i dette fylket.

Aviser i Finnmark kan søke distribusjonstilskott i tillegg til produksjonsstønaden. Stønaden blir fastsett ut i frå mengda dokumenterte distribuerte eksemplar.

Oversikt over distribusjonstilskott til aviser i Finnmark for 2018

4

Bruksretta medieforsking (RAM)

Stønadsordninga har eit klart mål om at forskinga skal vere praktisk orientert og kunne nyttast i mediekvardagen.

Søknadsfrist for 2019 er 8. oktober 2018.

Medietilsynet skal fordele midlar til bruksretta medieforsking med særleg vekt på forsking på tvers av media, og på tema som gjeld redaksjonelle, økonomiske og tekniske tilhøve.

Det er Rådet for anvendt medieforskning som behandlar dei innkomne søknadene og utarbeider ei innstilling til Medietilsynet. Det er tilsynet som tar den endelege avgjerda om avslag og løyvingar.

Les meir om bruksretta medieforsking og tidligare tildelingar

Kontaktperson: Jan Erik Andersen

5

Stønad til etterutdanning

Gjennom mediestønaden blir det gitt tilskott til etterutdanning i mediebransjen. Tilskottet blir gitt til tiltak omtalt i statsbudsjettet.

Tilskott blir blant anna gitt til Institutt for journalistikk og kurs- og seminarverksemd i Landslaget for lokalaviser.

I tillegg administrerer Medietilsynet tilskott til Norsk Mediebarometer som er ei undersøking om medievanane til folk. Undersøkinga blir gjennomført av Statistisk sentralbyrå.

6

Stønad til lokale lyd- og bildemedium

Tilskottsordninga har som hovudmål å bidra til mediemangfald, ytringsfridom og å styrke den demokratiske funksjonen dei lokala lyd- og bildemedia har i samfunnet.

Regjeringa har som målsetting for denne tilskottsordninga at den skal bidra til digitaliseringa av lokalradio i Noreg, og derfor blir halvparten av midlane øyremerkte til dette formålet.

Regjeringa ønsker også at søknader som stimulerer til bruk av norsk musikk, blir prioriterte ved tildeling av tilskottsmidlar til programproduksjonar og utviklingsprosjekt.

Målgruppa for tilskottsordninga er lokalkringkastingskonsesjonærar og registrerte kringkastarar som hovudsakleg tilbyr innhald retta mot eit lokalt publikum. I tillegg er det ein søknadskategori for nasjonale samanslutningar for lokale lyd- og bildemedium og ein for anleggskonsesjonærar i digitale lokalradionett.

Du kan søke om:

  • investeringstilskott til digitalisering av lokalradio
  • programproduksjonar og utviklingsprosjekt som stimulerer til bruk av norsk
  • driftstilskott til nasjonale samanslutningar for lokale lyd- og bildemedium
  • driftstilskott til lokalradioar for etniske og språklege minoritetsgrupper
  • prosjekttilskott til lokale programproduksjonar
  • prosjekttilskott til kompetansehevande tiltak
  • prosjekttilskott til utviklingsprosjekt

Søknadsfristen for å få tilskott for 2019 er gått ut.

Ta kontakt med Jon Stjernstedt ved spørsmål.

Forskrift om tilskudd til lokale lyd- og bildemedier

Tildelte midlar for 2018

Tildelte midlar for 2017

Tildelte midlar for 2016

Tildelte midlar for 2015

7

Innovasjons- og utviklingstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium

Ordninga trer i kraft 1. juli 2018. Søknadsfrist er 20. september 2018.

Tilskottsordninga skal fremme mediemangfald og ein opplyst offentleg samtale gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling hos nyheits- og aktualitetsmedium.   

Ordninga skal særleg fremme redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium.

Du kan søke stønad til medium som

  • har som hovudformål å drive journalistisk produksjon og formidling av nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt til publikum
  • inneheld eit breitt tilbod av nyheits-, aktualitets- og debattstoff frå ulike samfunnsområde
  • har ein ansvarleg redaktør med status som svarar til føresegnene i Redaktørplakaten

Fleire nyheits- og aktualitetsmedium kan søke saman om tilskott til fellesprosjekt.

8

Menneskerettsprisen

Kulturdepartementets menneskerettspris for journalister tildeles en journalist som i særlig grad har satt søkelys på aktuelle menneskerettighetsspørsmål i Norge.

Prisen deles ut annethvert år, og består av en pengegave på 100 000 kroner samt et litografi, utført av kunstneren Håkon Bleken. Neste gang prisen vil bli deles ut 2. mai 2018.

Gå til denne siden for mer informasjon og for å nominere en journalist.