1. Startsiden
  2. Aktiviteter

Medietilsynet oppmodar aviser til å levere rekneskapsdata for 2020

En mann sitter på en benk på et torg og leser en papiravis og ser på mobiltelefonen sin. Foto Kine Jensen/ Medietilsynet
Medietilsynet ønsker å samle inn rekneskapsopplysningar om norske aviser. Foto Kine Jensen/ Medietilsynet

Medietilsynet vidarefører den årlege undersøkinga av den økonomiske utviklinga i avisene. Over 95 prosent av avisene har delteke dei siste åra - noko som gir pålitelege tal og kunnskap om situasjonen for norsk presse. I år skal rekneskapsopplysingane leverast i Medietilsynets digitale sjølvbeteningsløysing Min side.

For
Aviser, aviskonsern, aviseigarar
Tid

Registrer Min side-brukar

I år skal rekneskapsopplysingane leverast i Medietilsynets digitale sjølvbeteningsløysing Min side. For å kunne levere inn opplysingar må det registrerast ein brukar. Her registrer du ny bruker

Seinast dagen etter at det har blitt registrert ein ny brukar, vil du få ein e-post frå Medietilsynet med innloggingsinformasjon. Følg instruksjonane i e-posten for å logge deg inn.

Dersom du allereie har registrert ein brukar, får du melding om det. Då kan du logge deg direkte på Min side her 

Skjema for registrering av rekneskapsopplysingar opna 17. mars og fristen er 9. april 2021.

Vi håpar at avisene nok ein gong sluttar opp om undersøkinga!

Amedia, Polaris og Schibsted leverer inn rekneskapsdata til Medietilsynet frå sentralt hald. Aviser ått av desse konserna treng ikkje levere inn rekneskapsdata.