1

Produksjonstilskott

Produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet.

Søknad om produksjonstilskott for 2019 er no opna. Søknadsfrist er 5. april.  Du skal bruke ny digital løysing for søknad: Min side.

Hvis du har søkt før, skal du ha motteke e-post om brukar. Informasjon om innlogging og rettleiing vil kome på e-post når dette er klart.

Hvis du er ny søkar, ta kontakt med Medietilsynet på  med følgjande opplysingar:

Organisasjonsnummer på avisa/publikasjonen
Navn og e-post til person som skal fylle ut søknaden
Revisors e-post, navn og revisorforetak

Vi vil da opprette brukar for deg og du får tilsendt invitasjon. 

Logg inn på Min side

Tilskottet er retta mot økonomisk vanskelegstilte medium og medium med små opplag. Tilskottsordninga er plattformnøytral og likestiller papiropplag og digitalt opplag.

Oversikt over tilskott gitt i 2018

Oversikt over tilskott gitt i 2017

Oversikt over ID-nummer

Rettleiing om utbytte som er tillate for medium som får produksjonstilskott

Har du spørsmål rundt tilskuddsordningen eller til utfyllingen av skjemaet? Ring oss for veiledning på 69 30 12 00 eller send en e-post til 

 

2

Innovasjons- og utviklingstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium

Utviklinga i mediebransjen går svært raskt, og det er lett å bli hengande etter. For at nyheits- og aktualitetsmedia skal kunne bidra til å fremme mediemangfald og ein opplyst samtale også i framtida, er dei nøydde til å innovere og utvikle seg. Denne stønadordninga skal oppmuntre media til innovasjon og utvikling, både redaksjonelt og i innhald. Innovasjons- og utviklingsarbeid i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium skal prioriterast når stønaden blir fordelt.

Årets søknadsfrist er sett til 4. mars.

Regjeringa har sett av ti millionar kroner i årets statsbudsjett til innovasjons- og utviklingsstønad for 2019. Det er ein auke på tre millionar kroner frå løyvinga i 2018.

For spørsmål, ta kontakt med Jan Erik Andersen.

3

Bruksretta medieforsking (RAM)

Stønadsordninga har eit klart mål om at forskinga skal vere praktisk orientert og kunne nyttast i mediekvardagen.

Midlar for 2019 blir tildelt i februar 2019. Søknadsfrist for midlar til 2020 er i oktober 2019.

Medietilsynet skal fordele midlar til bruksretta medieforsking med særleg vekt på forsking på tvers av media, og på tema som gjeld redaksjonelle, økonomiske og tekniske tilhøve.

Det er Rådet for anvendt medieforskning som behandlar dei innkomne søknadene og utarbeider ei innstilling til Medietilsynet. Det er tilsynet som tar den endelege avgjerda om avslag og løyvingar.

Les meir om bruksretta medieforsking og tidligare tildelingar

Kontaktperson: Jan Erik Andersen

4

Stønad til lokale lyd- og bildemedium

Tilskottsordninga har som hovudmål å bidra til mediemangfald, ytringsfridom og å styrke den demokratiske funksjonen dei lokala lyd- og bildemedia har i samfunnet.

Regjeringa har som målsetting for denne tilskottsordninga at den skal bidra til digitaliseringa av lokalradio i Noreg, og derfor blir halvparten av midlane øyremerkte til dette formålet.

Regjeringa ønsker også at søknader som stimulerer til bruk av norsk musikk, blir prioriterte ved tildeling av tilskottsmidlar til programproduksjonar og utviklingsprosjekt.

Målgruppa for tilskottsordninga er lokalkringkastingskonsesjonærar og registrerte kringkastarar som hovudsakleg tilbyr innhald retta mot eit lokalt publikum. I tillegg er det ein søknadskategori for nasjonale samanslutningar for lokale lyd- og bildemedium og ein for anleggskonsesjonærar i digitale lokalradionett.

Du kan søke om:

  • investeringstilskott til digitalisering av lokalradio
  • programproduksjonar og utviklingsprosjekt som stimulerer til bruk av norsk
  • driftstilskott til nasjonale samanslutningar for lokale lyd- og bildemedium
  • driftstilskott til lokalradioar for etniske og språklege minoritetsgrupper
  • prosjekttilskott til lokale programproduksjonar
  • prosjekttilskott til kompetansehevande tiltak
  • prosjekttilskott til utviklingsprosjekt

Søknadsfristen for å få tilskott for 2019 er gått ut.

Ta kontakt med Jon Stjernstedt ved spørsmål.

Forskrift om tilskudd til lokale lyd- og bildemedier

Tildelte midlar for 2018

Tildelte midlar for 2017

Tildelte midlar for 2016

Tildelte midlar for 2015

5

Samiske aviser

Tilskottet til samiske aviser og samisk språklege avissider skal legge til rette for demokratisk debatt, meiningsdanning og språkutvikling i det samiske samfunnet.

Med samisk avis meiner vi ei avis som har den samiske befolkninga som hovudmålgruppe.

Det meste av tilskottet blir fordelt mellom avisene Ságat og Avvir. I tillegg gir vi stønad til lulesamiske og sørsamiske innstikk.

6

Distribusjonstilskott til aviser i Finnmark

Topografi, spreidd busetnad og klima gjer avisdistribusjon kostnadskrevjande i Finnmark. For å lette på dei økonomiske ekstrabyrdane desse avisene har, innvilgar Medietilsynet eit eige distribusjonstilskott til aviser i dette fylket.

Aviser i Finnmark kan søke distribusjonstilskott i tillegg til produksjonsstønaden. Stønaden blir fastsett ut i frå mengda dokumenterte distribuerte eksemplar.

Oversikt over distribusjonstilskott til aviser i Finnmark for 2018

7

Stønad til etterutdanning

Gjennom mediestønaden blir det gitt tilskott til etterutdanning i mediebransjen. Tilskottet blir gitt til tiltak omtalt i statsbudsjettet.

Tilskott blir blant anna gitt til Institutt for journalistikk og kurs- og seminarverksemd i Landslaget for lokalaviser.

I tillegg administrerer Medietilsynet tilskott til Norsk Mediebarometer som er ei undersøking om medievanane til folk. Undersøkinga blir gjennomført av Statistisk sentralbyrå.

8

Menneskerettsprisen

Kulturdepartementets menneskerettspris for journalister tildeles en journalist som i særlig grad har satt søkelys på aktuelle menneskerettighetsspørsmål i Norge.

Prisen deles ut annethvert år, og består av en pengegave på 100 000 kroner samt et litografi, utført av kunstneren Håkon Bleken. Neste gang prisen vil bli deles ut 2. mai 2018.

Gå til denne siden for mer informasjon og for å nominere en journalist.