Mediestøtte
Distribusjonstilskot til aviser i Finnmark
Topografi, spreidd busetnad og klima gjer avisdistribusjon kostnadskrevjande i det som tidlegare var Finnmark fylke. Det er derfor eit eige distribusjonstilskot til aviser i dette området.
Den einskilde avisa får rekna ut distribusjonstilskotet ut frå kor mange aviseksemplar som blei distribuerte med post til abonnentar i året før.
Medietilsynet administrerer og saksbehandlar støtteordninga ved å motta søknader, kartlegge kven som kvalifiserer til å motta støtte og vedtek kven som skal få støtte og kor mykje kvar enkelt søker skal få.
![]() |
Last ned skjema og søk distribusjonstilskott (blir lagt ut når skjema opnar) |
Tidligere nyheitssaker om støtte til aviser i Finnmark:
2021:
Medietilsynet foreslår nye støtteordningar
13 aviser i «gamle Finnmark» får til saman 2,3 millionar kroner i distribusjonstilskott for 2021
2020:
13 aviser i Finnmark får til saman 2 250 000 kroner i distribusjonstilskott for 2020
2019:
Ny samisk avis får distribusjonstilskott i Finnmark
2018:
Over to millionar kroner fordelte i distribusjonstilskot til aviser i Finnmark