1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Medietilsynet held fast på avgjerda si: Ikkje produksjonstilskott til Nett.no

Nett.no oppfyller ikkje vilkåra for dispensasjon og får derfor ikkje mediestøtte for 2019. Det er konklusjonen når Medietilsynet har vurdert saka på nytt etter at ho var oppe i Medieklagenemnda.

– Medietilsynet meiner at den økonomiske situasjonen for avisa i 2018 ikkje gir grunnlag for dispensasjon. At avisa konkurrerer regionalt på nokre temaområde, er etter vår vurdering heller ikkje tilstrekkeleg til å gi dispensasjon, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Medieklagenemnda bad om ny behandling

Avisa Nett.no søkte om produksjonstilskott både i 2019 og i 2020, men Medietilsynet avslo begge søknadene. Avisa klaga på vedtaket for 2019, og Medieklagenemnda behandla klaga i april 2021. Nett.no har også klaga på vedtaket for 2020, og den saka blir behandla i Medietilsynet.

Når det gjeld klaga for 2019, meinte Medieklagenemnda at Nett.no oppfylte krava til hovudformål, men vurderte som Medietilsynet at avisa ikkje fylte krava til innhald. Klagenemnda sende likevel saka tilbake til Medietilsynet for ny behandling, fordi nemnda meinte at dispensasjonsvurderinga i tilsynet bygde på ei for snever forståing av «utgivarstad». Nemnda bad derfor Medietilsynet vurdere om Nett.no burde få dispensasjon frå reglane og få produksjonstilskott sjølv om innhaldskrava ikkje var oppfylte.

Medietilsynet meiner det ikkje er grunnlag for å gi dispensasjon

Medietilsynet kan etter forskrifta gi dispensasjon der det er nødvendig for å halde oppe konkurransen på utgivarstaden eller for å sikre drifta av eit nyheits- og aktualitetsmedium i ein marknad som er for liten til å vere berekraftig.

– Medietilsynet har vurdert saka på nytt etter vedtaket i Medieklagenemnda, men er kommen fram til at Nett.no ikkje får dispensasjon etter nokon av dei to alternativa i forskrifta, seier Velsand. Medietilsynet har vurdert at den økonomiske situasjonen til Nett.no i 2018, som er året søknaden skal vurderast ut frå, var berekraftig. I tillegg har Medietilsynet komme til at sjølv om avisa konkurrerer med Sunnmørsposten på nokre temaområde på «utgivarstaden», meiner tilsynet at dette ikkje er nok for å oppfylle vilkåret i dispensasjonsregelen om å halde ved lag konkurransen på «utgivarstaden».

Nett.no kan klage til Medieklagenemnda på vedtaket i Medietilsynet.

Dette seier dispensasjonsregelen i forskrifta

Medietilsynet kan gi dispensasjon frå reglane i forskrifta (§ 12) når det:

  1. «er nødvendig for å opprettholde konkurransen på utgiverstedet», eller
  2. «er nødvendig (…) for å sikre driften av et nyhets- og aktualitetsmedium i et marked som er for lite til å være bærekraftig»

  Abonner på nyheter (RSS)