1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Samiske aviser kan søke om 39 millionar kroner

Medietilsynet opnar no for årets søknader om støtte til aviser som har den samiske befolkninga som hovudmålgruppe, med frist 10. juni. I år skal det fordelast litt meir enn 39 millionar kroner til dei samiske avisene.

Støtteordninga for samiske aviser skal legge til rette for demokratisk debatt, meiningsdanning og språkutvikling i det samiske samfunnet, og er retta mot aviser som har den samiske befolkninga som viktigaste målgruppe.

– Aviser som har den samiske befolkninga som målgruppe, bidrar til å gjere dei samiske skriftspråka meir synlege, seier Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

Medietilsynet fordeler støtta til hausten

I år skal Medietilsynet fordele litt meir enn 39 millionar kroner gjennom støtteordninga for samiske aviser. I fjor fekk dagsavisene Ávvir og Ságat mest, med 19,8 og 14,6 millionar kroner i støtte. Ávvir kjem ut på nordsamisk, mens Ságat i hovudsak skriv på bokmål.

Støtta går til aviser som har den samiske befolkninga som viktigaste målgruppe, eller aviser som fast og regelmessig publiserer samiskspråkleg nyheits- og aktualitetsinnhald.

Medietilsynet behandlar ferdig søknadene til hausten.

Søknadsskjema finn du her

Les meir om støtteordninga for samiske aviser her

Se forskrifta om tilskott til samiske aviser her

  Abonner på nyheter (RSS)