1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt

Halvparten av oss les avisa på mobilen

Ungdomar ser på mobilen. Foto Medietilsynet
Totalt ser og les over 60 prosent av befolkninga over 12 år innhald frå media på nett. Det viser tal frå Mediebedriftenes Landsforbund lagt fram 28. mars 2019. Foto Medietilsynet

Smarttelefonen er blitt viktigare i folks mediekvardag enn papiraviser, nettbrett og PC. Det viser dei nyaste lesartala frå Kantar, presentert av Mediebedriftenes Landsforening (MBL).

Totalt ser og les over 60 prosent av befolkninga over 12 år innhald frå media på nett. Mediehusa har framleis ei høg og stabil dekning på 78 prosent på landsbasis, godt hjelpt av auken på mobil. Papiravisene blir stadig mindre lesne. Totalt les 40 prosent av befolkninga papiravisar, noko som er ein nedgang på 9,6 prosent frå 2017 til 2018.

VG størst på nett - Aftenposten størst i opplag

VG er klart størst på nett med over to millionar daglege brukarar. På plassane bak følgjer NRK, Dagbladet og TV 2 som alle har over ein million daglege brukarar.

Aftenposten er Noregs største mediehus med eit samla opplag på nesten 260 000. Dette inkluderer laussal, papir og nettutgåve. På andre plass kjem VG med 238 000, der VG+ utgjer 167 000 av opplaget. Dagbladet kjem på tredje plass med eit opplag på litt 86 000, mens Bergens Tidende kaprar fjerdeplassen med over 83 000 i opplag.

VG+ er opplagsvinnar med ein opplagsauke på 15 278, etterfølgt av Adresseavisen som aukar med 2 674 i opplag. Nettavisen aukar med 2 433 i opplag.

Riksavisene aukar mest i opplag

Sjølv om det er opplagsvekst i alle aviskategoriar, er det dei riksspreidde nyheitsavisene som går mest fram etterfølgt av storbyavisene.

Det reine digitalopplaget aukar med 14 prosent til nesten 806 000, mens det reine papiropplaget går ned med seks prosent. Papirutgåvene inngår framleis i 65 prosent av det totale opplaget.

Totalopplaget er no på 2,27 millionar (netto opplag) og går fram med 2,2 prosent for aviser tilslutta MBL og Landslaget for lokalaviser (LLA) frå første til andre halvår i 2018. Frå 2018 blir opplagstala rapporterte med nytt regelverk.

Les meir om opplags- og lesarutviklinga her

Pressekontakt i Medietilsynet: Nina Bjerke

  Abonner på nyheter (RSS)