1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2019

Nytt fra Medietilsynet

Radio på agendaen – kontaktmøte med Norsk Lokalradioforbund

Frå venstre: dagleg leiar i Norsk Lokalradioforbund Pål Lomeland, styreleiar Aslak Sommerfeldt Skretting, direktør i Medietilsynet Mari Velsand, og direktør for juridisk og regulatorisk avdeling Hanne Nistad Sekkelsten. Foto: Medietilsynet
Kontaktmøte med bransjen er viktig for god dialog. Her er Norsk Lokalradioforbund på gjesting hos Medietilsynet i Fredrikstad. Frå venstre: dagleg leiar i Norsk Lokalradioforbund Pål Lomeland, styreleiar Aslak Sommerfeldt Skretting, direktør i Medietilsynet Mari Velsand, og direktør for juridisk og regulatorisk avdeling Hanne Nistad Sekkelsten. Foto: Medietilsynet

Nyleg var Norsk Lokalradioforbund på gjesting hos Medietilsynet. Møtet er eitt av fleire kontaktmøte Medietilsynet har for styrkje dialogen med mediebransjen.

På møtet gjekk Medietilsynet gjennom tilsynets strategi for å fremme mediemangfald og kritisk medieforståing i Noreg, samt dei viktigaste prosjekta som skal støtte opp om strategien. Medietilsynet jobbar no med ei befolkningsundersøking om kritisk medieforståelse, og har starta arbeidet med å levere årlege statusrapportar på mediemangfoldet i Noreg.

Tilsynet jobbar også for få på plass hyppigare marknadsrapportar om mediebransjen. Medietilsynet orienterte vidare kort om oppdraget frå Kulturdepartementet om å utgreie framtidig distribusjon av lokalradio på FM. Denne utgreiinga skal leverast til departementet i mai. Som eit ledd i dette arbeidet vil Medietilsynet be om innspel frå aktørane for å få synet deira på framtidig distribusjon av FM.

Norsk Lokalradioforbund er svært oppteken av verdien av FM for lokalradioen si framtid, og meiner at lokalradiobransjen treng meir tid for å klare overgangen til digitalradio (DAB). 30 prosent av aktørane som sender på FM har parallelldistribusjon på DAB. Lokalradioforbundet meiner vidare at lokalradiobransjen treng FM for å klare investeringane på DAB og ønsker ei forlenging på FM fram til 2031. Forbundet ga uttrykk for at det vil gi tryggleik for investeringar og vedlikehald i denne overgangsperioden. Norsk Lokalradioforbund representerer 121 lokalradioar med til saman 238 innhaldskonsesjonar og utgjer om lag 80 prosent av lokalradiobransjen.  

Heile delegasjonen som møttast i Fredrikstad for kontaktmøte: f.v. Stian Elverum (styremedlem i Norsk Lokalradioforbund, frå Nea Radio), Thor Magnar Thorsen (nestleiar i Norsk Lokalradioforbund, frå Radio 102),  Pål Lomeland (dagleg leiar i Norsk Lokalradioforbund), Aslak Sommerfelt Skretting, (styreleiar i Norsk Lokalradioforbund, frå JærRadioen) – og frå Medietilsynet: Mari Velsand, Bjørn Tore Østeraas, Kristine Meek, Robin Welhaven Føyen og Hanne Sekkelsten. Foto Medietilsynet

Heile delegasjonen som møttast i Fredrikstad: f.v. Stian Elverum (styremedlem i Norsk Lokalradioforbund, frå Nea Radio), Thor Magnar Thorsen (nestleiar i Norsk Lokalradioforbund, frå Radio 102),  Pål Lomeland (dagleg leiar i Norsk Lokalradioforbund), Aslak Sommerfelt Skretting, (styreleiar i Norsk Lokalradioforbund, frå JærRadioen) – og frå Medietilsynet: Mari Velsand, Bjørn Tore Østeraas, Kristine Meek, Robin Welhaven Føyen og Hanne Nistad Sekkelsten. Foto Medietilsynet

For meir informasjon, ta kontakt med Hanne Nistad Sekkelsten