1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt

Fem nye publikasjonar får produksjonstilskott i 2018

Fem nye publikasjonar blir kvalifiserte for produksjonstilskott i 2018. Det er både nett- og papirbaserte aviser blant dei nye tilskottsmottakarane.

Ordninga med produksjonstilskott er retta mot økonomisk vanskelegstilte medium og medium med små opplag. Tilskottsordninga er plattformnøytral og likestiller papiraviser og digitale publikasjonar.

Fem nye får tilskott i 2018

Det er no klart at fem nye publikasjonar er kvalifiserte for produksjonstilskott, og desse kjem dermed inn i ordninga i år. Desse avisene vil no få utbetalt eit a konto-forskott for 2018, tilsvarande ¾ av estimert tilskott for heile året.

– Kor mykje dei ulike publikasjonane får i produksjonstilskott blir avklart når tildelinga til alle avisene skjer til hausten, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Dei fem nye publikasjonane som får produksjonstilskott i 2018 er:

Bladet Vesterålen blir utgitt av Bladet Vesterålen AS og er 100 prosent eigd av konsernet Norvest AS. Avisa kjem ut i Sortland kommune og dekker Vesterålen, Lødingen og Kvæfjord. Avisa kjem ut fem dagar i veka.

Minerva er ei borgarleg avis som dekker politikk, idéar og kultur. Minerva omfattar ei nettavis (minervanett.no.) og eit kvartalsskrift. Det er nettavisa som kvalifiserer til tilskott.

Setesdølen er ei avis som blir utgitt i Bygland i Aust-Agder. Avisa kjem ut to dagar i veka og blir redigert på nynorsk.

Vestlandsnytt er ei avis som blir utgitt i Møre og Romsdal. Avisa kjem ut to dagar i veka og blir redigert på nynorsk.

Vesterålen Online er ei regional nettavis for distriktet Vesterålen med kommunane Andøy, Bø, Hadsel, Øksnes og Sortland. Avisa dekker også til ein viss grad Lødingen.

Estimert tilskott for dei ulike avisene for 2018 er:

Bladet Vesterålen            1 114 000
Minerva 1 343 318
Setesdølen 362 000
Vestlandsnytt 362 000
Vesterålen Online 1 142 544

 

For meir informasjon, ta kontakt med Hanne Sekkelsten

  Abonner på nyheter (RSS)