Jan-Erik Andersen

Har du spørsmål om Medieforskning? Send en epost til Jan-Erik Andersen eller ring 69301218

1

RAM-konferansen 2017 - innholdsmarkedsføring, annonseinntekter og reklamepenger

22. november inviterer Medietilsynet til RAM-konferansen 2017.  Støtte til anvendt og bruksrettet medieforskning kommer mediebransjen og -folk til gode. På årets konferanse er den røde tråden annonsering, reklamepenger og innholdsmarkedsføring, og du vil høre fra to av forskerne som fikk støtte forrige år.

Påmelding og program

Konferansen er gratis og påmeldingsfrist er 22. november.

Program for RAM-konferansen

  • Åpning ved direktør i Medietilsynet Mari Velsand
  • "Hvorfor stoler vi (ikke) på pressen?" Magnus Hoem Iversen, doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Bergen 
  • «Annonseinntekter - fra gull til sølvplass i mediebransjen. En oversikt over annonseutviklingen med bakgrunn i Økonomidata» Bjørn Tore Østeraas, seniorrådgiver i Medietilsynet
  • "Et annonse- og mediemarked i endring - Hvor tar reklamepengene veien?" Håvard Rønnevig Bakken, fagdirektør i Annonsørforeningen (ANFO)

Olav Njaastad er leder for Rådet for ansvendt medieforskning (RAM) og leder konferansen.

Det vil bli lett bevertning i løpet av konferansen.

2

Dette skal dei forske på i 2017

Ved utdeling av midlar legg Medietilsynet spesiell vekt på bruksretta forsking på tvers av medium og på tema som er knytt til redaksjonelle, økonomiske og tekniske forhold. I tillegg er det eitt tema som blir prioritert spesielt kvart år – i år er det forsking på dataspel. Til saman blei det delt ut 3 890 000 kroner, fordelte på 16 forskingsprosjekt og 5 masteroppgåver.

Barn og unge sine dataspel-vanar

Korleis forhandlar ikkje-vestlege minoritetsungdom busett i Noreg med identitet og tilhøyrsel i og gjennom dataspel? Carol Azungi Dralega skal forske på korleis identitetskategoriar, som kjønn, etnisitet og kulturell tilhøyrsel, påverkar forholdet til denne ungdomsgruppa til dataspel.

Foreldre opplever ofte eit dilemma mellom å se dataspeling som utviklande og frykt for negativ og asosial oppførsle hos barna sine. Yvonne Fritz ønskjer blant anna å finne ut kva foreldre opplever som grensa mellom akseptabel og ikkje akseptabel tidsbruk på dataspeling, kva foreldre opplever som spillavhengigheit og kva tema som blir diskuterte i samband med for eksempel søvn, feilernæring og fysisk aktivitet.

Mediebyrå, humor og religion

Det er blitt forska lite på mediebyråa, noko Paul Bjerke har tenkt å gjere noko med. Han ønskjer å svare på spørsmåla: Kven eig dei? Kven jobbar der? Og korleis tenkjer dei? Byråa speler ei heilt sentral rolle i å skaffe inntekter til media, og har samtidig ein sterk påverknad på korleis og kor annonsørane vel å bruke pengane sine.

Pål Ketil Botvar skal undersøkje ulike sider ved relasjonen mellom religion og humor i media. Han vil også studere produksjon av humor om religion, ulike medium sine humoristiske framstellingar av religion og publikum sin respons og haldningar til religionshumor.

Innvandring og kvinner i filmen

Mens den offentlege debatten tidlegare har vore i redigerte medium som nettavisar, papiravisar, radio og tv, utspeler innvandringsdebatten seg no i større grad på sosiale medium, spesielt Facebook, og ofte i kommentarfeltet til folkevalte politikarar. Karoline Ihlebæk skal forske på modereringa til dei politiske aktørane av innvandringsdebatten på Facebook.

Johanne Servoll skal belyse Vibeke Løkkebergs tyding som filmskapar i Noreg, og samtidig synleggjere norske, kvinnelege filmregissørar ved å skrive ein biografi om Løkkeberg. Anette Svane er interessert i korleis kvinner blir framstilte i film, og skal gjennomføre ei undersøking av kjønnsframstellingar og representasjon av kvinner i ny norsk film.

Økonomiske og tekniske utfordringar

Ikkje-lineær distribusjon av program via internett (strøymetenester og Video on Demand veks kraftig og skaper nye kontaktflater mellom tilbydarar og publikum. Yngvar Kjus skal forske på korleis gamle og nye aktørar på det norske tv-marknaden forhold seg til den nye konkurransesituasjonen, spesielt med omsyn til nye former for finansiering og det redaksjonelle arbeidet.

Lars Nyre skal dokumentere og finne ut av kva journalistar og redaktørar tenkjer om det å ta i bruk ny, algoritmebasert teknologi for å nå lesarane. Dette prosjektet går parallelt med eit EU-prosjekt om innovasjon i journalistikk ved Universitetet i Bergen (UIB), der det skal utviklast teknologiske løysingar og tenester som kan styrkje journalistikken.

3

Aktuelt om medieforsking

Her listar vi opp saker om medieforsking som blir utført eller er utført med stønad frå Medietilsynet: k

 

4

Medieforskarar inn i stova

Eitt av kriteria for å motta stønad er at forskarane kan stille opp på skular, arbeidsplassar eller andre stader og fortelje om prosjektet sitt.

Det er stor variasjon i tema som blir forska på. Både tradisjonelle og nye medium er med, og prosjekta er gjerne tilknytt ein arbeidsplass som sjølv er eit medium, eller akademia.

Det sentrale med stønadsordninga er at forskinga skal være bruksretta, med særleg vekt på forsking på tvers av media.

Medietilsynet dekkjer utgiftene i samband med besøket. Ta kontakt med oss for å høyre meir.

5

Tidlegare forsking

Her finn du tidlegare forsking frå 2010 til 2016. For nokre av dei har vi motteke eit samandrag av forskinga med kontaktinformasjon og korleis du kan få tak i rapporten, boka eller liknande. Dei har vi lenkja til.