1. Startsiden
  2. Mediestøtte

Mediestøtte

Støtte til medieforsking

Støtteordninga har eit klart mål om at forskinga skal vere praktisk orientert og skal kunne brukast i mediekvardagen.

Medietilsynet skal fordele midlar til medieforsking med særleg vekt på forsking på tvers av media, og på tema som gjeld redaksjonelle, økonomiske og tekniske forhold. 

Mediemangfald er ein føresetnad for eit velfungerande demokrati, og dei redaktørstyrte journalistiske media er særlege viktige for den demokratiske infrastrukturen. Medielandskapet er i rask endring, og det er derfor viktig å følge utviklinga tett.Medietilsynet ønsker derfor søknader om midlar til forskingsprosjekt som kan bidra til auka innsikt om utviklingstrekk eller forhold ved det norske mediemangfaldet, og som kan supplere Medietilsynets innsikt og undersøkingar. 

Kritisk medieforståing handlar om den kunnskapen og dei ferdigheitane vi som mediebrukarar treng for å kunne ta gode, informerte val om medieinnhaldet vi konsumerer, lagar eller deler. I ein stadig meir fragmentert mediekvardag med enorm tilgang på innhald frå mange slags kjelder, blir det store stilt krav til den einskilde mediebrukar. Kritisk medieforståing er avgjerande også for folk si evne til å delta i den offentlege samtalen. Medietilsynet gjennomførde i 2019 for første gong ei stor befolkningsundersøking om kritisk medieforståing, og ei slik undersøking blir gjennomført annakvart år. Også på dette feltet ønsker Medietilsynet forskingsprosjekt velkomen. 

250.000 av midlane til medieforsking er øyremerkte forsking på dataspel gjennom regjeringa sin handlingsplan mot speleproblem. Studiar om spelmekanismar i dataspel som kan likne på pengespel skal prioriterast, det vil seie spel i grenselandet mellom data- og pengespel. Problemstillingar relaterte til mekanismar, utbreiing og problemspel er særleg interessante. I tillegg skal studiar om speleproblem hos barn og unge med ikkje-vestleg bakgrunn prioriterast. 

Medietilsynet administrerer stønadordninga ved å motta søknader, kartlegg kven som kvalifiserer til å motta støtte og vedtek kven som skal få støtte og kor mykje kvar enkelt søkar skal få. Fagutvalet for medieforsking (tidlegare "Rådet for anvendt medieforskning"), vurderer søknadene som kjem inn, og utarbeider ei innstilling til Medietilsynet.

 

 

oransje strek 2 smalere.png

Tidligere nyhetssaker om støtte til medieforskning

Medietilsynet fordeler over fire millionar kroner til medieforsking 

2020: 

Medietilsynet fordeler vel fire millioner kroner til medieforskning 

Medietilsynet fordeler fire millioner kroner til medieforskning 

2019: 

4,2 millionar til medieforsking i 2019 

1. oktober er frist for å søke midler til medieforskning og mastergradsstipend

2018: 

Ny studie: Mediene kunne gravd mer i Eirik Jensen-saken 

Erik Jensen-saken under lupen – funn presenteres på Nordiske mediedager 3. mai 

No kan du søke restmidlar for bruksretta medieforsking (RAM) 

Søknadsfrist for Medietilsynets midler til medieforskning utsatt til 8. oktober 

2017: 

Betalingsmur positivt for lokalavisene 

Nettavislesarar fryktar personalisering av nyheiter 

Dette skal de forske på i 2017 

Søk om RAM-midlar til medieforsking 

2016: 

Tildelte RAM-middel for 2016 

No kan du søkje midlar til bruksretta medieforsking 2016