1. Startsida
  2. Mediestøtte
  3. Innovasjons- og utviklingstilskudd

Mediestøtte

Rettleiing til søknad om midlar til innovasjons- og utviklingstilskott

En mann står foran seks tv-skjermer som viser oppslag fra forskjellige lokalaviser

Medietilsynet fordeler årleg midlar til innovasjons- og utviklingstilskott.

Søknadsfrist: 11. juni 2026

Medietilsynet fordeler årleg midlar til innovasjons- og utviklingstilskott.

Målet med innovasjonsstøtta er å styrke det norske mediemangfaldet og den opplyste offentlege samtalen gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i nyheits- og aktualitetsmedium. Ordninga skal særleg fremme redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium.  

Kven kan søke?

Målgruppa for ordninga er medium som blir omfatta av verkeområdet til medieansvarslova, jf. medieansvarslova § 2. Mediet må ha ein ansvarleg redaktør som har slutta seg til allment aksepterte presseetiske standardar. Det inneber at den som står oppført som søkar, må vere eit nyheits- og aktualitetsmedium.

Nyheits- og aktualitetsmedium kan samarbeide med andre i prosjektet, for eksempel bransjeorganisasjonar eller verksemder utanfor bransjen. Fleire nyheits- og aktualitetsmedium kan søke saman om tilskott til fellesprosjekt.

Ulike typar medium

Forskrifta blei endra i 2025 for å opne opp for at fleire fagmedium kan søke om støtte frå ordninga. Dette er gjort ved å knyte dei generelle vilkåra i forskriftas § 2 opp mot verkeområdet i medieansvarslova, slik dette blir definert i medieansvarslova § 2. Formålet med endringane er å utvide kretsen av medium som kvalifiserer til å kunne få tilskott etter forskrifta.

Vilkåra for å kunne få støtte er dermed at mediet må «drive regelmessig journalistisk produksjon og publisering» av «nyheiter, aktualitetsstoff, samfunnsdebatt eller anna innhald av allmenn interesse».

Det blir ikkje gitt tilskott til medium som inneheld ei overvekt av underhaldnings-, livsstils- eller forbrukarstoff som er retta mot publikum som privatpersonar.

Kva prosjekt kan du søke støtte til?    

Støtte til innovasjon og utvikling

Du kan søke om støtte til innovasjons- og utviklingsprosjekt som  

  • utviklar redaksjonelt innhald  
  • utviklar eller implementerer nye løysingar for produksjon, publisering, spreiing eller konsum av redaksjonelt innhald 

Midlar til forprosjekt  

Du kan søke om midlar til forprosjekt for utvikling av innovasjons- og utviklingsprosjekt. Ein slik utviklingssøknad bør innehalde mål for prosjektet, budsjett og framdriftsplan. 

Prioriterte område i 2026

Digitalisering og omstilling

I samband med endringar i postlova blei det vedtatt å prioritere prosjekt som bidrar til digitalisering. Denne prioriteringa er vidareført. Ordninga er retta mot aviser som særleg blir ramma av endringane med færre omdelingsdagar.

I fordelinga av midlar vil Medietilsynet prioritere:

  • lokale samarbeidstiltak som gjer at midlane kjem flest mogleg til nytte
  • tiltak som gjer at avisene blir mindre avhengige av papir (utviklar metodar for å nå brukarane på digitale måtar)
  • prosjekt frå aviser som har ein stor del av økonomien knytt til papirutgiving, og som har ein stor del av papiropplaget distribuert utanfor tette busette område

Tenester retta mot personar med funksjonsnedsettingar

Visjonen til regjeringa er eit samfunn der alle kan delta og ha moglegheit til å bidra i samfunnet. Politikken for personar med funksjonsnedsettingar skal bygge på likestilling og likeverd, sjølvstyring, medverknad, deltaking og inkludering. Inkludering og likestilling av personar med funksjonsnedsettingar er ein føresetnad for eit berekraftig velferdssamfunn og for at den enkelte skal kunne leve frie og sjølvstendige liv. Medietilsynet vil prioritere prosjekt som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsettingar.

Prosjekt retta mot særlege grupper som innvandrarar og språklege minoritetar

Prosjekter som retter seg mot særlege grupper som innvandrarar og språklege minoritetar, blir prioriterte.

Søknadsbehandling og krav til søknad

Fagutvalet for innovasjons- og utviklingstilskott  

Fagutvalet for innovasjons- og utviklingstilskott er eit rådgivande organ for Medietilsynet. Fagutvalet vurderer både om søkaren oppfyller vilkåra for å kunna få støtte og vilkår knytt til prosjektet. Midlane til innovasjons- og utviklingstilskott blir fordelte av Medietilsynet på grunnlag av ei innstilling frå fagutvalet. Medietilsynet gjer vedtak om tildelingane.

Økonomi  

Beløpa som blir tildelte, blir i enkelte tilfelle reduserte i forhold til søknadssummen. Medietilsynet føreset likevel at prosjektet kan bli gjennomført slik det er søkt om med redusert ramme eller ved at søkaren kan nytte eigne tilsette/midlar i prosjektet.

Under søknadsbehandlinga kan fagutvalet eller Medietilsynet oppfordre søkaren om å justere søknaden sin, for eksempel ved at Medietilsynet løyver midlar til delar av eit prosjekt.

Dersom dette ikkje lèt seg gjere, må tilskottsmottakar ta kontakt med Medietilsynet på innovasjon@medietilsynet.no for å drøfte andre alternativ.

Offentleg stønad kan ikkje overstige 40 prosent av prosjektkostnadene. For prosjekt som rettar seg mot små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium, kan offentleg støtte utgjere inntil 75 prosent av prosjektkostnadene. Små, lokale nyheitsmedium er nyheits- og aktualitetsmedium som har eit abonnementstal under 5700 og har innhald hovudsakleg retta mot eit lokalt publikum. Søkarar som oppfyller begge desse krava, kan få dekt inntil 75% av prosjektkostnader i offentleg støtte.

Ved fellesprosjekt kan offentleg støtte utgjere inntil 75 prosent av prosjektkostnadene dersom majoriteten av søkarane er små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium. Søkar må dokumentere status til alle søkarar. Dokumentasjonen blir lagd ved som eit eige vedlegg til søknaden. Anna offentleg finansiering av prosjektet vil inngå i den offentlege delen av prosjektkostnadene. 

Søkarar må på førehand avklare moglegheita for å samfinansiere prosjektet med andre institusjonar dersom søkaren ønsker å samarbeide med andre om finansieringa av eigenandelen. I søknadsskjemaet må du opplyse om prosjektet får støtte frå andre og kven prosjektet får støtte frå.

Budsjettoppstilling vedlagt i søknaden utgjer grunnlaget for berekning av tilskottsbeløp. Dersom totale rapporterte kostnader etter sluttført prosjekt er lågare enn budsjettert, kan Medietilsynet krevje tilbakebetaling av residualen for å sikre at andelen offentleg støtte i prosjektet ikkje overstig grensene fastsett i forskrifta. 

Lønn  

Timesatsen skal dekke lønnskostnader og blir rekna ut med utgangspunkt i avtalt årslønn. Sosiale kostnader og indirekte kostnader som er relevante, kan bli inkluderte i utrekninga av lønn.

Krav og råd til søknad  

Skriv søknaden på norsk (bokmål eller nynorsk). Søknader på andre språk enn norsk vil bli avvist. Prosjektomtalen bør ikkje vere på meir enn åtte A4-sider.  

Søknaden må innehalde ein prosjektplan og eit budsjett. Dette må du laste opp i søknadsskjemaet. Om dette manglar, vil søknaden bli avvist.

Kor innovativt prosjektet er, og i kva grad andre medium kan ta i bruk utvikla løysingar, vil ha betydning for fagutvalets tilråding og Medietilsynets vedtak.

Vurderingskriterium

  • Prosjekt som utviklar redaksjonelt innhald eller utviklar/implementerer nye løysingar for produksjon, publisering, spreiing eller konsum av redaksjonelt innhald, kan få tilskott.
  • Prosjekt som kan vise til innhaldsretta innovasjon framfor reine redaksjonelle kapasitetsaukar, tekniske oppgraderingar eller kjøp av utstyr, stiller sterkare i utveljingsprosessen.
  • Ofte er verksemda avhengig av eksterne kjelder og ressursar for å kunne innovere. Prosjekt som søker etter stønadsmidlar for å kjøpe tenester og komponentar til å realisere innovasjon eller utvikling, kan derfor kvalifisere til å få tilskott. 
  • Prosjekt med mål om å oppnå små, stegvise innovasjonar (eller søknader med eit slikt innovasjonspotensial) kan vere like aktuelle som søknader med eit radikalt innovasjonspotensial. Eit prosjekt med moglegheit til å oppnå små, stegvise innovasjonar må likevel klart kunne skiljast frå prosjekt knytt til rein drift og omlegging av verksemda.
  • Prosjekt med mål om å utvikla eller implementere nye løysingar for å auka annonseinntektene, som i lita grad inneber ei fornying av innhaldstilbodet, blir ikkje rekna som relevante prosjekt til å få støtte.

Ren kapasitetsauke eller støtte til vanleg drift blir ikkje omfatta av innovasjonsordninga.

Medietilsynet vil ikkje innvilge nye midlar til ein søkar før vi har mottatt rekneskap og rapport for tidlegare innvilga støtte.

Dersom ein tilskottsmottakar søker året etter at dei har mottatt tilskott, men før rekneskaps- og rapporteringsfristen, må Medietilsynet først ha mottatt ein foreløpig rapport om bruk av tilskottet gitt det føregåande året. Les meir om rapportering nedanfor.

Om rapportering  

Tilskottsmottakar pliktar straks å melde frå til Medietilsynet dersom føresetnadene for tildelinga blir endra. 

Tilskottsmottakar skal så snart som mogleg, og seinast innan rapporteringsfrist fastsett i tilskottsbrevet, sende over Medietilsynet rapport om gjennomføringa av prosjektet. Rapporten skal gjere greie for om tiltaket er gjennomført i tråd med føresetnadene for tilskottet. 

I rapporten skal tilskottsmottakar legge ved ein prosjektrekneskap. For tilskott over 400 000 kroner skal rekneskapen i tillegg vere reviderte av statsautorisert eller registrert revisor. Da skal uttalen frå revisoren vedleggast rekneskapen for prosjektet i rapporteringa. 

Foreløpig rapportering 

 Dersom ein søkar har fått tilskott i tidlegare søknadsår og ikkje levert rekneskap og rapport for innvilga tilskott, må Medietilsynet først ha fått ein foreløpig rapport om bruk av tidlegare tildelt tilskott. Den førebelse rapporten blir lagd ved som eit Word-dokument til søknaden. Rapporten skal opplysa om kva som er gjord og kor langt de har komme med prosjektet. Det er ikkje tilstrekkeleg å ha oppretta rapportering på Min Side. 

Søknad om utsett rapporteringsfrist 

For å kunne få utsett rapporteringsfrist må det sendast ein grunngitt søknad til Medietilsynet. Medietilsynet kan gi ein utvida frist på inntil tre månader. Dersom det framleis er behov for utsetting etter desse tre månadene, må tilskotsmottakar sende ein ny og grunngjeven søknad om utsett rapporteringsfrist. Medietilsynet gjer deretter ei ny vurdering av om utsett rapporteringsfrist blir innvilga.  

Dersom rapport og rekneskap ikkje blir levert innan fristen, kan Medietilsynet krevje at heile eller delar av tilskottet blir betalt tilbake, jf. forskrift om innovasjons- og utviklingstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium § 10.  

Omgrep nytta på søknadsskjemaet

Aktørnamn: eit norsk selskap eller eit enkeltpersonføretak (med eige føretaksnummer).  

Medietilsynet kan, i spesielle tilfelle, vike frå kravet til å ha ein norsk institusjon/bedrift som søkar.

Prosjektleiar: den som har det faglege ansvaret for prosjektet.

Rekneskapsansvarleg: den som kan gjere greie for rekneskapen til prosjektet.

Prosjektkategoriar:

  • Digital utvikling: generell digital utvikling, for eksempel å oppgradere gjeldande tekniske publiserings- og produksjonsløysingar
  • Utvikling av publiseringsplattformer: utvikling av nye plattformer, for eksempel å utvikle lydavis i ei nettavis, utvikle radio på tv, utvikle podkast i ei avis osv. Utvikle andre plattformer for publisering for å nå fleire lesarar/lyttarar.
  • Utvikling av forretningsstrategiar: utarbeiding av modellar eller strategiar for endring, forbetring og effektivisering av forretningsmodell. For eksempel å utarbeide ein strategi for å drive radio lønnsamt i overgangen frå FM til DAB, finne strategiar for å nå bestemte grupper med lesarar osv.
  • Utvikling og produksjon av innhald: For eksempel å utarbeide ein seksjon for gründerjournalistikk, utvikle innhaldet i ei avis for å nå bestemte grupper, produsere  ein særleg type innhald osv.