1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet

Auksjon DAB lokalradio – oppstartstidspunktet for registrering til auksjonen blir forskuvd

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) og Medietilsynet skal gi frekvensløyve og anleggskonsesjonar i den såkalla Lokalradioblokka. Registrering til auksjonen skulle etter den tidlegare publiserte planen starte 8. februar 2016. Registreringsperioden blir no forskuvd i påvente av vidare avklaringar av utlysingsgrunnlaget for auksjonen.

 

Etter den tentative tidsplanen for auksjonsprosessen skulle reglane for auksjonen publiserast 8. februar 2016. Samtidig skulle det opnast for registrering av deltakarar til auksjonen. Publiseringa av auksjonsreglane og oppstartstidspunkt for registrering til auksjonen må likevel forskuvast.

Nkom og Medietilsynet vil offentleggjere ny dato for publisering av auksjonsreglane og oppstart av registreringsperioden så snart som mogeleg.

Ta kontakt med Linda M. Andersen for meir informasjon.