1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet

Informasjon om søknad om produksjonstilskot for 2016

Aviser. Foto Kine Jensen

Etter regelverket kan eit medieselskap få tilskot til utgiving av hovudmedium og eventuelle tilknytte medieprodukt. Fristen for å søkje om produksjonstilskot er 15. april 2016. Søkjarar som ikkje held fristen, mister retten til tilskot.

Elektronisk søknad

Nytt for året er at du skal velje ID-porten når du skal logge deg inn på skjemaet, og heile søknadsprosessen er elektronisk. ID-porten er ei felles innloggingsløysing til offentlege tenester på nett og tilbyr sikker innlogging ved bruk av elektronisk ID. Meir informasjon om ID-porten finn du på http://www.idporten.no

Nye søkjarar vil få gjesting av Norsk Opplagskontroll AS for blant anna å kontrollere opplaget i 2015. Selskapet kjem til å ta kontakt med søkjar for å avtale tidspunkt for kontrollen.

Løyvingsramme

Løyvinga til produksjonstilskotet for 2016 er 313,046 millionar kroner. Den endelege tilskotssummen til media for 2016 blir kjend i oktober når satsane er fastsette av Kulturdepartementet.

Skjemaet finn du på nettsidene her.

Dersom du har spørsmål til utfyllinga, kan du ringe oss for nærmare rettleiing på 69 30 12 00 eller sende e-post til mailto:post@medietilsynet.no

Aktuell informasjon:

Rundskriv produksjonstilskot 2016 (pdf)

Forskrift om produksjonstilskudd (pdf)

Forskrift om fastsettelse av opplag (pdf)