1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt

No kan du søke restmidlar for bruksretta medieforsking (RAM)

Mann på PC. Foto Kine Jensen/Medietilsynet

Stønadsordninga har eit klart mål om at forskinga skal vere praktisk orientert og kunne nyttast i mediekvardagen. Frist for å søke er 18. mai 2018.

Restmidlane er på omkring 550 000 kroner. Du skal nytte ordinært søknadsskjema og rettleiing for 2018.

Medietilsynet skal fordele midlar til bruksretta medieforsking med særleg vekt på forsking på tvers av media, og på tema som gjeld redaksjonelle, økonomiske og tekniske tilhøve.

Det er Rådet for anvendt medieforskning (RAM) som behandlar dei innkomne søknadene og utarbeider ei innstilling til Medietilsynet. Det er tilsynet som tar den endelege avgjerda om avslag og løyvingar.

Les meir og finn søknadsskjema og rettleiing her.

For meir informasjon, ta kontakt med Jan Erik Andersen

  Abonner på nyheter (RSS)