1. Startsiden
  2. Digitale medier
  3. Demokratidugnaden

Demokratidugnaden

Slik fekk Fredriksstad Blad folkeskikk inn i debatten

En voksen kvinne leser en nettavis på nettbrettet sitt.

Ein lokalavisredaktør bestemte seg for å rydde opp i kommentarfelta sine. Slik gjekk det.

Redaktør René Svendsen i Fredriksstad Blad hugsar korleis ein næringslivsleiar beskreiv kommentarfeltet til lokalavisa som «ein hale av kloakk» som følgde med kvar gong avisa omtalte eit nytt prosjekt i byen. Fredriksstad Blad kunne valt som fleire andre: Å stengje kommentarfelta på artiklane sine, ettersom dei uansett ikkje var særleg berikande for debatten. I staden valde avisa å ta tak i kommentarfelta.  

- Eigentleg er dette så langt frå rakettforsking som ein kan komme. Dette handla rett og slett om at vi ikkje gav opp kommentarfelta rundt 2018 – 2019, eit tidspunkt då mange andre kutta dei ut eller reduserte kraftig. Det vurderte også vi, seier René Svendsen.  

Ei lesarundersøking fortalde dei likevel at mange ønskte å behalde kommentarfelt under artiklane.  

- Men debattane der var i altfor stor grad prega av ein liten gjeng som snakka ned det aller meste som skjedde i lokalsamfunnet, beskriv Svendsen.

Nye reglar

Lokalavisen starta snuoperasjonen for å få ein høfleg og sakleg debatt i eigne kommentarfelt. Dei laga nye reglar, strengare enn dei gamle. Og ikkje minst: Dei bestemde seg for å handheve reglane. Alle som deltek i debatten, gjer det no under eige, verifisert namn. 

- Vi frykta at folk skulle rømme frå kommentarfelta, men konsekvensen vart det motsette. Vi nærmar oss ei tredobling av talet på personar som deltek i debatten. Dessutan såg vi raskt at vi måtte slette færre kommentarar. Folk tek omsyn til reglane.   

Avisa er i løpande dialog med dei som debatterer, og forklarer kva som skal til for at ein kommentar kan bli ståande. Debattantar har til dømes ikkje lov til å kalle alle lokalpolitikarar idiotar.  

- Undervegs har vi stramma til og justert regelverket. Det er nok blant dei strengaste regelverka nokre norske medium har. Du får til dømes ikkje lov å skrive i kommentarfeltet at det store fleirtalet av klimaforskarane tek feil hos oss.  Du kan ikkje vise til kjelder kjent for å spreie konspirasjonsteoriar. Vi har eit redaktøransvar for å ikkje spreie feilinformasjon eller å skrive om grupper av menneske på nedsetjande måte, påpeikar Svendsen.  

Fleire har følgt etter

Kommentarfeltene er framleis ikkje nokon brei debattarena, understrekar redaktøren. Men rundt 4000 av 20 000 abonnentar deltok i fjor. Og debattane har vorte vesentleg betre.

- Vi definerer kommentarfelta våre som ein del av debattinnhaldet vårt, som ligg under debattredaktøren.  

Etterpå har andre mediehus gått i same retning. I 2019 måtte Nettavisen stengje kommentarfelta sine. I 2022 vart dei opna igjen, men no med strengare debattreglar og tett oppfølging og handheving av kva mediehuset reknar som god folkeskikk i eige kommentarfelt, beskriv avisa overfor Norsk Journalistlags nettstad nj.no.

linktype Slik fekk Nettavisen folkeskikk i kommentarfelta - nj.no