1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2020

Nytt fra Medietilsynet

Ber om innspel på nye reglar for digitale tenester: EU vil ta opp kampen mot hatytringar og desinformasjon

Medietilsynet meiner det er viktig at EU utviklar reglar for å handtere hatytringar, desinformasjon og skadeleg innhald på nett. Foto Medietilsynet.
Medietilsynet meiner det er viktig at EU utviklar reglar for å handtere hatytringar, desinformasjon og skadeleg innhald på nett. Foto Medietilsynet.

EU-kommisjonen har sett i gang ei høyring om nye reglar for digitale tenester. Høyringa er ein del av kommisjonens arbeid med eit modernisert europeisk regelverk for digitale plattformer, og gjeld blant anna innhaldstenester, sosiale medium og søkemotorar.

– I «Digital Services Act»-pakka kan det bli særskilde reglar for å handtere hatytringar, desinformasjon og skadeleg innhald på nett. Dette er ei utfordring på digitale plattformer i dag, og Medietilsynet meiner det er viktig å arbeide for regulering på desse felta i eit europeisk perspektiv, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Les meir om "The Digital Services Act"-pakka her 

To hovudproblemstillingar i høyringa

Det er to hovudproblemstillingar i høyringa. Eit spørsmål er kva for ansvar dei digitale plattformene skal ha for å verne brukarane og ivareta rettane deira. Målet er eit moderne regelverk for kontroll av innhald på plattformene og for effektiv regelverkshandheving.

– Eitt av spørsmåla er om plattformene skal få større ansvar for innhald som er publisert på deira tenester og om dei skal påleggast å systematisk kontrollere innhald som andre har lagt ut, seier Velsand.

Eit anna tema er den såkalla portvaktfunksjonen til dei store digitale plattformene, som sjølv set reglane for samspel med konkurrentar og brukarar.Målet er å utvikle eit regelverk som legg til rette for at store plattformer opptrer på ein rettskaffen måte og at nye aktørar og konkurrentar kan komme inn på marknaden.

Høyringa er open for alle, og svarfrist er 8. september 2020.

Praktisk informasjon om høyringa

For å delta må ein registrere seg og logge inn via det digitale systemet til EU-kommisjonen.

Frå denne sida kjem du til spørjeskjemaet

Her er pressemeldinga frå EU-kommisjonen om høyringa