1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2021

Nytt fra Medietilsynet

Dei eldste og yngste er mest utsette for nettsvindel

Dei yngste er overrepresenterte blant dei som har opplevd ulike former for personvernangrep på nettet. Unntaket er forsøk på pengesvindel, der dei eldste også er utsette. Foto: Medietilsynet
Dei yngste er overrepresenterte blant dei som har opplevd ulike former for personvernangrep på nettet. Unntaket er forsøk på pengesvindel, der dei eldste også er utsette. Foto: Medietilsynet

Dei eldste og yngste er mest utsette for svindelforsøk på nettet, viser ei undersøking frå Medietilsynet. – Det er viktig med tiltak retta mot desse gruppene for å styrke den kritiske medieforståinga, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

I gruppene 16–34 år og frå 80 år og oppover gir omtrent éin av fire opp at dei er blitt forsøkt svindla for pengar på nettet i løpet av det siste året. Det er ein noko større andel enn i befolkninga generelt, der litt over to av ti har opplevd det same.

Når det gjeld ulike former for personvernangrep på nettet, for eksempel å bli lurt frå passord og få publisert bilete av seg sjølv mot sin vilje, er dei yngste overrepresenterte. Unntaket er forsøk på pengesvindel, der dei eldste også er utsette.

Eldre har mest problem med å takle kommersielt press på nettet

Respondentane i undersøkinga til Medietilsynet skulle også svare på kor enkelt eller vanskeleg dei synest det er å handtere ulike former for kommersielt press, som å bli lurt til å kjøpe noko og å framleis betale for tenester eller abonnement som dei trudde dei hadde sagt opp. Klart flest meiner det vanskelegaste er å handtere at det blir samla inn data til kommersiell bruk.

– Dette viser kor viktig det er at firma som samlar inn personlege data, informerer på ein enkel og tydeleg måte om kva for data som blir samla inn, og korleis desse skal brukast, seier Velsand.

Dei eldre synest det er vanskelegast å handtere ulike former for kommersielt press.

– Færre i gruppa over 60 år enn i dei andre aldersgruppene vurderer seg som kompetente til å handtere ulike former for kommersielt press på nettet, seier Velsand.

Medietilsynet undersøker den kritiske medieforståinga i befolkninga kvart andre år

Medietilsynet undersøker annakvart år den kritiske medieforståinga i befolkninga, og samlerapporten for 2021 blir publisert i dag. Resultata frå årets undersøking er tidlegare offentleggjorde gjennom fire delrapportar om temaa desinformasjon og falske nyheiter, nettsjikane og demokratisk deltaking, kjeldekritikk og kommersielt press og personvern og kompetanse til å regulere eiga åtferd på nettet.

Les heile rapporten om den kritiske medieforståinga i befolkninga her

Ikkje tid til å lese heile? Les kortversjonen av rapporten om den kritiske medieforståinga i befolkninga her

Resultat frå undersøkinga om personvern og svindel

  • 14 prosent har opplevd at nokon har prøvd å lure frå dei passord.
  • 11 prosent av 16-24-åringane har fått personleg informasjon stolen eller hacka, mot 3 prosent i befolkninga generelt.
  • 8 prosent av 16-24-åringane har følt seg pressa til å sende bilde eller informasjon om seg sjølve til andre, mot 2 prosent i befolkninga generelt.
  • 8 prosent av 16-24-åringene har fått bilde av seg sjølve publiserte mot sin vilje, mot 1 prosent i befolkninga generelt.
  • 57 prosent av 16–24-åringene seier dei har opplevd at selskap eller organisasjonar samlar inn data om dei som blir brukte til kommersielle formål, mot 45 prosent i befolkninga generelt.
  • Av dei formene for kommersielt press respondentane er spurde om, synest flest det er vanskeleg å handtere innsamling av personlege data på nettet til kommersielle formål. Berre to av ti vurderer seg som kompetente til å handtere denne forma for kommersielt press.
  • Nesten éin av ti i alderen 16–24 år svarer at dei er blitt lurte til å kjøpe noko på internett det siste året. Andelen er dobbelt så høg i denne aldersgruppa som i befolkninga generelt.